Begnadalen er dalføret av Begna mellom Bagn og Sperillen, som strekkjer seg frå Sør-Aurdal kommune i Innlandet til Ringerike kommune i Buskerud.

Begnadalen sett frå vegen til Hedalen.
Foto: John Erling Blad

Gjennom Begnadalen går E 16 og dermed hovedtyngden av biltrafikken til Valdres og over Filefjell til Sogn. Før Valdresbanen vart bygd, gjekk dampskipstrafikk over Sperillen og opp Begna til Sørum, der hesteskyssen tok over. Begnadalen har om lag 530 innbyggjarar, mellom Garthus og fylkesgrensa.

Tidlegare var Begnadalen saman med Hedalen eit eige annekssokn. Då vart Begnadalen omtalt som «Nedre Hedalen» og Hedalen omtalt som «Øvre Hedalen». Dette heng att i lokal språkdrakt då stadene er omtalte som «oppi Hedalen» og «nedi Begnadalen».

Kjelder

endre

«Begnadalen» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff

endre