Knokkelbrot

(Omdirigert frå Beinbrot)

Knokkelbrot, beinbrot eller fraktur (stundom forkorta FRX eller Fx, Fx eller #) er ein medisinsk tilstand der det har oppstått eit brot i kontinuiteten av ein knokkel.[1][2][3] Det kan skuldast sterke støyt eller stress,[4] eller minimal trauma som følgje av svake knoklar, som til dømes i personar med osteoporose, knokkelsvulstar eller osteogenesis imperfecta; desse vert kalla spontanfrakturar eller patologiske frakturar.[5][6]

Eit opent brot før og etter kirurgisk inngrep

Omgrepa «brote bein» og «knekt bein» er mykje brukt i ålmenta, men dei vert ikkje rekna som formelle ortopediske omgrep.

Teikn og symptom endre

Sjølv om knokkelvev ikkje inneheld smertereseptorar, kan knokkelbrot likevel vere smertefullt av ulike grunnar, som til dømes ved:[7]

  • brot i kontinuiteten av knokkelhinna (periost) eller endost, sidan begge inneheld smertereseptorar.
  • ødem i nærliggjande blautvev som følgje av bløding frå blodårer i knokkelhinna kan skape trykksmerter.
  • muskelspasmar som prøver å halde knokkelfragmenta på plass.

Skade på kringliggjande strukturar som til dømes nervar og blodårer, ryggmerg eller nerverøter (ved ryggbrot), eller skalleinnhaldet (ved kraniebrot), kan føre til andre spesifikke teikn og symptom.

Diagnose endre

 
Radiografi av beinet for å stadfeste eventuelle brot etter ei kneskade

Knokkelbrot kan diagnostiserast klinisk på grunnlag av historia som vert gjeven, samt den fysiske undersøkinga. Røntgenbilete vert ofte tatt for å stadfeste brotet. Computertomografi (CT) og magnetresonanstomografi (MRI) kan vere naudsynt i tilfelle der røntgen ikkje er tilstrekkeleg.

Klassifisering endre

 
Samanlikn friske bein med ulike brot: (a) lukka brot, (b) opent brot, (c) tverrbrot, (d) spiralbrot, (e) impaktert brot, (g) greenstick-brot og (h) skråbrot.
 
Opent ankelbrot med kraftig luksasjon (forskyvd knokkelende)

Omgrepa brot og fraktur er synonyme og kan nyttast om einannan. I somme namngjevne brot er det vanleg å nytte fraktur, til dømes komminutt fraktur, men det er valfritt, og ein kan òg kalle det for eit komminutt brot. I denne artikkelen er bruken vekslande og basert på bruksfrekvensen blant medisinske tidsskrift og andre respekterte, medisin-relaterte kjelder; der fleire variantar er vanleg, er desse nemnd.

Mekanisme endre

  • Traumatisk fraktur — brot etter tileigna traume, t.d. etter fall, trafikkulukke, slåstkamp osb.
  • Spontanfraktur eller patologisk fraktur — brot som følgje av underliggjande sjukdom i knoklane, t.d. brot i ein knokkel med metastase. Osteoporose er den vanlegaste spontanfrakturen.
  • Periprostetisk fraktur — brot i nærleik av ein mekanisk veikskap rundt eit implantat

Blautvev endre

  • Lukka brot — brot der den overliggjande huda er intakt
  • Opent brot — brot der såret kommuniserer med brotet, eller der hematom er synleg slik at såret er «opent» og utsett for kontaminasjon. Opne brot er i større fare for å verta infiserte. Stundom feilaktig kalla «komplisert brot».
    • Reint brot
    • Kontaminert brot

Forskyving endre

  • Ikkje-forskyvd
  • Forskyvd
    • Translasjon
    • Angulert
    • Rotert
    • Forkorta

Frakturmønster endre

  • Lineært brot — eit brot som ligg parallelt til knokkelaksen
  • Tverrfraktur eller tverrbrot – eit brot som ligg perpendikulært til knokkelaksen
  • Skråfraktur eller skråbrot – eit brot som ligg diagonalt til knokkelaksen
  • Spiralfraktur eller spiralbrot – eit brot der minst éin del av knokkelen er vridd som følgje av dreiemoment
  • Kompresjonsfraktur – oppstår oftast i ryggvirvlane, til dømes når framdelen av ryggvirvelen kollapsar som følgje av osteoporose (ein medisinsk tilstand som fører til at knoklane vert skjøre og lett brotnar, med eller utan trauma)
  • Impaktert brot – eit brot der knokkelfragmenta vert knuste inn i einannan
  • Avulsjonsfraktur eller avulsjonsbrot – eit brot der eit knokkelfragment vert skild frå hovudmassen

Fragment endre

  • Inkomplett brot — eit brot der knokkelfragmenta delvis heng saman. Det er eit knekk i knokkelvevet, men det strekker seg ikkje på tvers av heile knokkelen.
  • Komplett brot — eit brot der knokkelfragmenta er fullstendig fråskilde
  • Komminutt fraktur (brot) — eit brot der knokkelen er knust i fleire delar

Anatomisk plassering endre

Kjelder endre

  1. Reikerås, Olav; Madsen, Jan Erik (13. februar 2009). «knokkelbrudd». Store Medisinske Leksikon (Store Medisinske Leksikon). Henta 11. desember 2014. 
  2. Solheim, Kaare (9. juli 2014). «benbrudd». Store Medisinske Leksikon (Store Medisinske Leksikon). Henta 11. desember 2014. 
  3. Reikerås, Olav (13. februar 2009). «fraktur». Store Medisinske Leksikon (Store Medisinske Leksikon). Henta 11. desember 2014. 
  4. «Tretthetsbrudd». Norsk Helseinformatikk, nhi.no (Norsk Helseinformatikk). 5. juli 2011. Arkivert frå originalen 13. desember 2014. Henta 11. desember 2014. 
  5. Schichtling, Ellen (13. februar 2009). «spontanfraktur». Store Medisinske Leksikon (Store Medisinske Leksikon). Henta 11. desember 2014. 
  6. Kåss, Erik (13. februar 2009). «patologisk fraktur». Store Medisinske Leksikon (Store Medisinske Leksikon). Henta 11. desember 2014. 
  7. Arentz-Hansen, Cecilie; Moen, Kåre (1. januar 2000). «Brudd». Lommelegen (Lommelegen). Arkivert frå originalen 20. juli 2015. Henta 11. desember 2014. 

Bakgrunnsstoff endre