Beinn Chùirn er eit fjell i Skottland om lag 5 km vest-sørvest for Tyndrum. Det ligg på grensa mellom Stirlingshire og Perthshire heilt nord i Loch Lomond and the Trossachs nasjonalpark.

Beinn Chùirn
Vardeåsen
Corbett, marilyn
Beinn Chùirn (i midten) med den høgare Ben Lui (venstre)
Land  Skottland
Fjellkjede Grampian Mountains
Topp Stirlingshire
 •  høgd 880 moh.
 •  Primærfaktor 446 m
Kart
Beinn Chùirn
56°25′25″N 4°47′18″W / 56.4236°N 4.7883°W / 56.4236; -4.7883
Wikimedia Commons: Beinn Chúirn

Beinn Chùirn har ei høgd på 880 meter over havet og har status som corbett og marilyn. Det ligg i Cononish valley i lag med tre andre fjell (Ben Lui, Ben Oss og Beinn Dubhchraig som alle er Munroer og derfor overskuggar denne mindre åsen.

I 1984 vart det oppdaga ei gullåre i fjellet av det irske selskapet Ennex International. Selskapet gjorde prøveboringar i håp om at gullgruva kunne vere lønsam. Det vart bygd ein tunnel som var om lag 1280 meter lang i 1990-åra, men etter kvart som prisen på gull fall, vart det uøkonomisk å drive gruveverksemda. Dei nyare åra har gullprisen stige igjen, og eit australsk firma har planar om å halde fram gruvedrifta.[1][2][3]

Kjelder

endre
  1. "Geology and Landscapes of Skottland" Page 85 Gives details of Gold mine geology.
  2. Scotsman article 9/6/07. Gives details of gold mine.
  3. Scotsman article 30/5/07. Gives details of gold mine.

56°25′25″N 4°47′18″W / 56.4236°N 4.7883°W / 56.4236; -4.7883