Beit 'Anan (arabisk skrift بيت عنان) er ein palestinsk landsby i Nordvest-Jerusalem[2] i Jerusalem kommune. I 2010 hadde han eit folketal på 4 982. Somme innbyggjarar i Beit 'Anan har israelske ID-kort, medan andre har palestinske ID-kort.

Beit 'Anan
بيت عنان, Bayt I'nan
kommune
Beit 'Anan
Namneopphav: 'Anan-huset[1]
Land  Dei palestinske territoria
Guvernement Jerusalem guvernement
Koordinatar 31°51′10″N 35°06′38″E / 31.85278°N 35.11056°E / 31.85278; 35.11056
Folketal 3 941  (2007)
Kart
Beit 'Anan
31°51′10″N 35°06′38″E / 31.852777777778°N 35.110555555556°E / 31.852777777778; 35.110555555556
Wikimedia Commons: Beit 'Anan

Historie endre

I 1159 var Bethanam nemnt i krossfarar-kjelder i samband med at grensene mellom landsbyen og Parva Mahomeria vart sett.[3][4]

I 1883 meinte Survey of Western Palestina at Beit 'Anan var den same staden som krossfararlandsbyen Beithumen, eit len for prestane i Jerusalem på 1100-talet.[5] Men Röhricht meinte i 1887 at det var meir truleg at det var Beitunia som var Beithumen,[6] og i 1890 var Conder heilt samd med Röhricht.[7]

Osmansk tid endre

Beit 'Anan vart ein del av Det osmanske riket i 1517 i lag med resten av Palestina, og i 1596 stod han oppført i skattelister som ein del av Quds nahiya i Quds liwa. Han hadde eit folketal på 28 hushaldningar, alle muslimar.[8]

I 1863 vitja den franske oppdagaren Victor Guérin landsbyen og estimerte at han hadde 600 innbyggjarar,[9] I 1883 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine landsbyen som «ein liten landsby på ein flat rygg. Nær hovudvegen i vest lig ruinane etter ein khan med vatn, og kring 1,5 km i aust ligg ei kjelde.»[10]

Det britiske mandatet endre

Beit 'Anan vart erobra av britiske styrkar i slaget ved Jerusalem i 1917 under felttoget deira i Palestina mot osmanarane.[11]

I ei folketeljing i 1922 utført av Dei britiske mandatstyresmaktene hadde «Bait 'Inan" eit folketal på 509, alle muslimar,[12] og dette auka i folketeljinga i 1931 til eit folketal på 654, framleis alle muslimar, i 162 hus.[13]

I 1945 hadde Beit I'nan eit folketal på 820, alle arabarar, med 10 105 mål land, i følgje ei offisiell landmåling.[14] Av dette var 2 015 mål var plantasjar og irrigert land, 2 471 nytta for korn,[15] medan 63 mål vart utbygd land.[16]

Etter 1948 endre

Etter den arabisk-israelske krigen i 1948, og etter våpenkvileavtalen i 1949, kom Beit 'Anan under Jordan sitt styre.

Sidan seksdagarskrigen i 1967 har Beit 'Anan vore under israelsk okkupasjon.

Kjelder endre

  1. Palmer, 1881, s. 286
  2. «Promoting palestinsk culture presents challenge to occupation and celebrates heritage». Alquds2009.org. Henta 5. september 2015. 
  3. Pringle, 1998, s. 167-8
  4. Röhricht, 1893, RHH, s. 88, no 338
  5. Conder og Kitchener, 1883, SWP III, s. 11
  6. Röhricht, 1887, s. 205
  7. Conder, 1890, s. 30
  8. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 121.
  9. Guérin, 1874, s. 348
  10. Conder og Kitchener, 1883, SWP III, s. 16
  11. The battle for Palestina 1917, John D. Grainger
  12. Barron, 1923, Table VII, Subdistrict of Jerusalem, s. 15
  13. Mills, 1932, s. 38
  14. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 56
  15. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 101
  16. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 151

Bakgrunnsstoff endre