Beitunia (arabisk بيتونيا), òg Bitunya er ein palestinsk by som ligg 3 km vest for Ramallah og 14 km nord for Jerusalem. Byen ligg i Ramallah og al-Bireh guvernement, sentralt på Vestbreidda. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde byen eit folketal på 19 761 i 2007,[2] den tredje største i guvernement etter al-Bireh og Ramallah.

Beitunia
بيتونيا, Beituniya, Beatonia
kommune
Byen sett frå vest
Namneopphav: Beitunia, førenamn[1]
Land  Dei palestinske territoria
Guvernement Ramallah og al-Bireh guvernement
Koordinatar 31°53′20.24″N 35°10′03.12″E / 31.8889556°N 35.1675333°E / 31.8889556; 35.1675333
Areal 26,2 km²
Folketal 19 761  (2007)
Folketettleik 754 / km²
Borgarmeister Arafat Khalaf
Kart
Beitunia
31°53′20″N 35°10′03″E / 31.888955555556°N 35.167533333333°E / 31.888955555556; 35.167533333333
Wikimedia Commons: Beitunia
Nettstad: www.beitunia.ps

Historie endre

Ein har funne potteskar frå bysantinsk tid, mamelukkane og tidleg osmansk tid.[3]

I 1883 skreiv Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine at Beitunia var krossfarar-landsbyen Uniet, som var ein av 21 landsbyar som kong Godfrey som eit len til Den heilage grav-kyrkja.[4]

Men i 1887 identifiserte Röhricht Beitunia med Beitiumen, eit anna len som kongen gav til kyrkja.[5][6] Conder meinte det var bevis på at dette var rett og derfor «særs tvilsamt» at Beitunia varUniet.[7] Abel, skreiv i 1931 at Beitunia var Beit Uniet, som var nemnt i ein tekst tidleg på 1100-talet.[3]

Ein stor kvelva bygning i byen, kalla Badd al Balad («oljepressa i landsbyen») er datert til krossfarar-tida.[8][9]

Osmansk tid endre

Beitunia vart, som resten av Palestina, ein del av Det osmanske riket i 1517, og i skattelistene for 1596 låg landsbyen i Quds nahiya i Quds liwa. Folkesetnaden var 75 hushaldningar og 5 ungkarar, alle muslimar. Dei betalte skatt for kveite, bygg, oliven, vindruer, frukttre, tilfeldige inntekter, geiter og/eller bikubar.[10]

Den amerikanske vitskapsmannen Edward Robinson vitja landsbyen i 1838,[11] og det same gjorde den franske oppdagaren Victor Guérin i 1870, som noterte at Beitunia hadde kring 600 innbyggjarar.[12]

I 1883 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine Beitunia som «ein ganske stor landsby i stein, omgjeve av oliven, i høgt lende på ein flat, steinete rygg, med ei slette i aust. I aust ligg cisterner, vinpresser, og ein dam (el Baliia), som inneheld vatn om vinteren. I nord og aust er det hogd ut graver i berget, med fine, men blokkerte inngangar.»[13]

Det britiske mandatet endre

 
Bryllaup i Beitunia, mellom 1934 og 1939.

I folketeljinga i 1922 hadde Beitunia eit folketal på 948, alle muslimar.[14] Dette hadde auka i folketeljinga i 1931 til 1 213, framleis alle muslimar, i 277 hus.[15]

På grunn av dårleg økonomi tidleg på 1900-talet, emigrerte mange folk. Somme kom til Chicago-området, og var involvert i oppstarten av Bridgeview-moskeen.[16][17]

I 1945 var folketalet 1 490, alle arabarar, medan det samla landarealet var 23 366 mål, i følgje ei offisiell landmåling.[18] Av dette var 7 854 for plantasjar og irrigert land, 8 381 for korn,[19] medan 77 mål var klassifisert som utbygde område.[20]

Etter 1948 endre

Etter den arabisk-israelske krigen i 1948, og etter våpenkvileavtalen i 1949, kom Beitunia under Jordan sitt styre.

Etter seksdagarskrigen i 1967 vart Beitunia okkupert av Israel.

 
Salah Dein-moskeen i Beitunia

Den israelske sperringa på Vestbreidda endre

Beitunia har eit landområde som består av 26 174 mål, der 336,2 hektar er utbygde område. Israel si sperring på Vestbreidda skil byområdet frå 66 % av landsbygda, men det meste av det sperra området (Separasjonssonen) består av skog og opne område som er viktige jordbruksland og beitemarker.[21]

Kjelder endre

  1. Palmer, 1881, s. 287
  2. 2007 PCBS Census. Palestinsk statistisk sentralbyrå. s.114.
  3. 3,0 3,1 Finkelstein et al, 1997, s. 346-7
  4. Conder og Kitchener, 1883, SWP III, s. 11
  5. Röhricht, 1887, s. 205
  6. de Roziére, 1849, s. 98, 102: Beituimen; begge sitert i Röhricht, 1893, RRH, s. 16- 17, No 74
  7. Conder, 1890, s. 30, 32
  8. Pringle, 1997, s. 29
  9. Pringle, 2009, s. 235-240
  10. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 121
  11. Robinson & Smith, 1841, vol 2, s. 133, 135
  12. Guérin, 1875, s. 46
  13. Conder og Kitchener, 1883, SWP III, s. 8
  14. Barron, 1923, Table VII, Ramallah underdistrikt, s. 16
  15. Mills, 1932, s. 48.
  16. Hard-liners won battle for Bridgeview mosque[daud lenkje], February 8, 2004 Chicago Tribune
  17. Forget Poles: palestinarar find a home in suburban Chicago Arkivert 2016-02-05 ved Wayback Machine., February 7, 2013, webz.org
  18. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 64
  19. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 111
  20. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 161
  21. Betunia: A palestinsk Community Victimized by the israelske Colonization Activities Arkivert 2007-12-15 ved Wayback Machine. Applied Research Institute - Jerusalem 2007-11-11.

Bakgrunnsstoff endre