Beit Fajjar
Beit Fajjar (arabisk بيت فجّار) er ein palestinsk by som ligg åtte kilometer sør for Betlehem i Betlehem guvernement, sentralt på Vestbreidda. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde byen eit folketal på over 11 000 i 2007.[2]
Beit Fajjar | |||
بيت فجّار, Bayt Fajjar, Beit Fujar | |||
kommune | |||
Namneopphav: The house of the debauchees[1] | |||
Land | Dei palestinske territoria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Betlehem guvernement | ||
Koordinatar | 31°37′29.03″N 35°09′20.19″E / 31.6247306°N 35.1556083°E | ||
Areal | 7,9 km² | ||
Folketal | 11 004 (2007) | ||
Folketettleik | 1 393 / km² | ||
Borgarmeister | Umar Abdel Aziz Taqatqa | ||
Beit Fajjar 31°37′29″N 35°09′20″E / 31.624730555556°N 35.155608333333°E | |||
Kart som viser Beit Fajjar.
| |||
Wikimedia Commons: Beit Fajjar |
Historie
endreEin trur Beit Fajjar var ein leirstad for den islamske kalifen Umar ibn al-Khattab.[3]
Osmansk tid
endreBeit Fajjar var hovudsakleg jordbruksområde fram til 1800-talet, då han gradvis fekk eit meir urbant preg.[3]
Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja landsbyen i 1863, og skildra han som ein landsby på toppen av ein ås, med kring 400 innbyggjarar. Landsbybuarane gravla framleis sine døde i gravholer i berget, nedanfor landsbyen.[4] I 1883 skildra Palestine Exploration Fund i «Survey of Western Palestina» Beit Fejjar som ein «liten steinlandsby på ein høg rygg. Han vert forsynt av norke fine kjelder og kjeldebrunnen Wady el Arrub».[5]
Det britiske mandatet
endreI folketeljinga i 1922 hadde Bait Fajjar 766 innbyggjarar, all muslimar.[6] I folketeljinga i 1931 var folketalet i Beit Fajjar tald saman med Umm Salamuna, Marah Ma'alla og Marah Rabah. Det samla folketalet var 1043, framleis alle muslimar, i 258 hus.[7]
I 1945 var folketalet i Beit Fajjar 1 480 arabarar, som eigde 17 292 mål land i følgje ei offisiell landmåling.[8] 2 572 mål var plantasjar og irrigert land, 2 633 for korn,[9] medan 87 mål var utbygd (urbant) land.[10]
Etter 1948
endreEtter den arabisk-israelske krigen i 1948, og etter våpenkvileavtalen i 1949, kom Beit Fajjar under jordansk styre, før han i 1967 vart okkupert av Israel.
Kjelder
endre- ↑ Palmer, 1881, s. 388
- ↑ 2007 PCBS Census Palestinsk statistisk sentralbyrå. s.118.
- ↑ 3,0 3,1 Jerusalem and its environs: quarters, neighborhoods, landsbyar, 1800-1948, Ruth Kark, Michal Oren-Nordheim
- ↑ Guérin, 1869, s. 301
- ↑ Conder og Kitchener, 1883, vol. 3, s. 303
- ↑ Barron, 1923, Table VII, Subdistrict of Betlehem, s. 18
- ↑ Mills, 1932, s. 35
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 56
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 101
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 151
- Denne artikkelen bygger på «Beit Fajjar» frå Wikipedia på engelsk, den 1. oktober 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Barron, J. B., red. (1923). Palestine: Report and General Abstracts of the Census of 1922. Government of Palestine.
- Conder, Claude Reignier; Kitchener, H. H. (1883). The Survey of Western Palestine: Memoirs of the Topography, Orography, Hydrography, and Archeology 3. London: Committee of the Palestine Exploration Fund.
- Guérin, Victor (1869). Description Géographique Historique et Archéologique de la Palestine (på fransk). 1: Judee, pt. 3. Paris: L'Imprimerie Nationale.
- Hadawi, Sami (1970), Village Statistics of 1945: A Classification of Land and Area ownership in Palestine, Palestinsk frigjeringsorganisasjon forskingssentral
- Mills, E., red. (1932). Census of Palestine 1931. Population of Villages, Towns and Administrative Areas (PDF). Jerusalem: Government of Palestine.
- Palmer, E. H. (1881). The Survey of Western Palestine: Arabic and English Name Lists Collected During the Survey by Lieutenants Conder og Kitchener, R. E. Transliterated and Explained by E.H. Palmer. Committee of the Palestine Exploration Fund.