Beit Herut
Beit Herut (hebraisk skrift בֵּית חֵרוּת, tyder 'Fridomshuset') er ein moshav sentralt i Israel. Han ligg på Sharonsletta mellom Hadera og Netanya og høyrer til Heferdalen regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 681.
Beit Herut | |||
moshav | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Region | Sharonsletta | ||
Distrikt | Sentral | ||
Kommune | Heferdalen | ||
Koordinatar | 32°22′40″N 34°52′8″E / 32.37778°N 34.86889°E | ||
Folketal | 881 (2015) | ||
Grunnlagd | 1933 | ||
• Grunnlagd av | amerikanske immigrantar | ||
Tilhøyrsle | Moshavrørsla | ||
Beit Herut 32°22′40″N 34°52′08″E / 32.377777777778°N 34.868888888889°E | |||
Kart som viser Beit Herut.
| |||
Wikimedia Commons: Bet Herut |
Moshaven vart grunnlagd i 1933 av immigrantar frå USA, og heitte først Herut America Bet, som moshaven no kjend som Herut vart kalla Herut America Alef på den tida (det var òg ein Herut America Gimel, som i dag heiter Hadar Am). Namnet vart tekne frå organisasjonen som hjelpte innbyggjarar å flytte til Palestinamandatet, og vart gjeven av Emmanuel Labes, som var ein av dei første innbyggjarane.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Beit Herut» frå Wikipedia på engelsk, den 26. juli 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: