Hadar Am
Hadar Am (hebraisk skrift הֲדַר עָם, tyder 'Nasjonssitrus') er ein moshav sentralt i Israel. Han ligg på Sharonsletta nær Netanya og høyrer til Heferdalen regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 494.
Hadar Am | |||
moshav | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Region | Sharonsletta | ||
Distrikt | Sentral | ||
Kommune | Heferdalen | ||
Koordinatar | 32°20′58.91″N 34°53′53.52″E / 32.3496972°N 34.8982000°E | ||
Folketal | 599 (2015) | ||
Grunnlagd | 1933 | ||
• Grunnlagd av | Amerikanske og litauiske immigrantar | ||
Tilhøyrsle | Jordbruksunionen | ||
Hadar Am 32°20′59″N 34°53′54″E / 32.349697222222°N 34.8982°E | |||
Kart som viser Hadar Am.
| |||
Wikimedia Commons: Hadar Am | |||
Nettstad: hadaram.co.il |
Moshaven vart grunnlagd i 1933 av immigrantar frå Litauen og Nord-Amerika, og heitte først Herut America Gimel (det var to andre busetjingar som heitte Herut America - Herut America Alef (i dag Herut) og Herut America Bet (i dag Beit Herut)) etter organisasjonen som hjelpte dei med å emigrere. I 1943 fekk han namnet Hadar Am etter sitrustrea som veks kring landsbyen. Grunnleggjarane fekk seinare med seg fleire immigrantar frå Nederland.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Hadar Am» frå Wikipedia på engelsk, den 26. juli 2015.
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell nettstad (he)