Opna hovudmenyen

Beit Oren (hebraisk skrift בֵּית אֹרֶן, tyder Furuheimen) er ein kibbutz nord i Israel. Han høyrer til Hof HaCarmel regionale kommune. I 2010, Beit Oren hadde 200 medlemmar.[1]

Beit Oren
landsby
Bet oren.jpg
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Haifa distrikt
Koordinatar 32°43′53.04″N 35°0′19.79″E
Grunnlagd 1939
 - Grunnlagd av Hebraisk sosialistisk ungdom
Tilhøyrsle Kibbutzrørsla
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Bet Oren

GeografiEndra

Kibbutzen Beit Oren ligg i hjartet av Karmelberget, like ved Karmel naturreservat nasjonalpark, eit område som ofte vert kalla «Vesle Sveits».

HistorieEndra

I 1934 stod eit enkelt, arabisk hus på staden der Beit Oren ligg i dag. Det vart kjøpt i lag med landområdet rundt, og busett av ei gruppe på 15 jødiske arbeidarar. Arbeidarane planla å bygge ein by og kalle han Yaarot HaCarmel, men fleire vart drepne då staden vart angripen i 1936 under arabaropprøret.

Kibbutzen Beit Oren vart grunnlagd i 1939 av emigrantar frå Polen og Russland, delvis frå Hebraisk sosialistisk ungdom. Etter kvart fekk dei selskap av andre grupper frå Dror og Aliyat HaNoar, i tillegg til av ei gruppe frå kibbutzen Ma'agan Michael.

Før sjølvstendet til Israel var kibbutzen base for Haganah og Palmach sine undergrunnsaktivitetar mot britane. Den 9. oktober 1945, sette ei Palmach-eining ut frå Beit Oren for å setje fri 208 ulovlege emigrantar som vart haldne i Atlit interneringsleir. Etter å ha overfalle vaktene, vart dei frigjorte emigrantane førte forbi Beit Oren til kibbutzen Yagur, der dei vart skjulte for britane. Åtaket var den første anti-britiske handlinga til Palmach.[2]

I 1980-åra leid Beit Oren store økonomiske problem, og mange mellomaldrande medlemmar flytta, slik at dei eldre medlemmane vart sitjande med gjelda og utan særlege inntekter.[3] Kibbutz-rørsla stoppa den økonomiske støtta til kibbutzen,[4][5]og ei gruppe unge individuelle vart henta inn for å gjere fundamentale endringar.[6] I 1999 søkte åtte medlemmar av Beit Oren Høgseretten i Israel om å få avskaffe klassifiseringa som kibbutz og gjere staden om til ein fellesbusetnad.[7]

 
Beit Oren etter ein brann i 2010.

Beit Oren vart hard råka av skogbrannen i Israel i 2010, som tok livet av 41 menneske og sette tusenvis av mål skogsmark i brann.[8]

KjelderEndra