Beit Yehoshua
Beit Yehoshua (hebraisk skrift בֵּית יְהוֹשֻעַ, tyder 'Yehoshua-huset') er ein moshav sentralt i Israel. Han ligg på kystsletta nær Netanya og høyrer til Hof HaSharon regionale kommune. I 2006 hadde han 784 innbyggjarar.
Beit Yehoshua | |||
בֵּית יְהוֹשֻעַ | |||
moshav | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Region | Kystsletta | ||
Distrikt | Sentral | ||
Kommune | Hof HaSharon | ||
Koordinatar | 32°15′39.95″N 34°51′46.79″E / 32.2610972°N 34.8629972°E | ||
Folketal | 1 046 (2019)[1] | ||
Grunnlagd | 17. august 1938 | ||
• Grunnlagd av | Bnei Akiva og HaNoar HaTzioni-rørsla | ||
Tilhøyrsle | HaOved HaTzioni | ||
Beit Yehoshua 32°15′40″N 34°51′47″E / 32.261097222222°N 34.862997222222°E | |||
Kart som viser Beit Yehoshua.
| |||
Wikimedia Commons: Beit Yehoshua |
Landsbyen vart grunnlagd som ein kibbutz den 17. august 1938 av ein garin frå Bnei Akiva og haNoar Hatzioni, som ein del av tårn og palisade-busetjingsprosjektet. I følgje Jewish National Fund var dei første nybyggjarane ortodokse og dreiv med omfattande gardsrbruk og sitrusdyrking.[2] Han vart kalla opp etter Yehoshua Tahon (eller Josva Thon), ein galisisk sionistleiar.[2]
I 1947 hadde han eit folketal på kring 150.[2]
I 1950 vart han ein moshav shitufi, og seinare ein moshav ovdim (ei meir vanleg form for moshav.)
Beit Yehoshua jernbanestasjon ligg like ved moshaven.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Beit Yehoshua» frå Wikipedia på engelsk, den 3. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 https://citypopulation.de/en/israel/central/sharon/0288__bet_yehoshua/; Wikimedia-import-URL: https://he.wikipedia.org/w/index.php?oldid=29003318.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 Jewish National Fund (1949). Jewish Villages in Israel. Jerusalem: Hamadpis Liphshitz Press. s. 22–23.