Beit Yitzhak-Sha'ar Hefer
Beit Yitzhak-Sha'ar Hefer (hebraisk skrift בֵּית יִצְחָק-שַׁעַר חֵפֶר, tyder Isak-huset - Heferporten) er ein moshav sentralt i Israel Han ligg på Sharonsletta nær Netanya og høyrer til Heferdalen regionale kommune. In 2007 hadde Beit-Yitzhak-Sha'ar Hefer eit folketal på 1 700.
Beit Yitzhak-Sha'ar Hefer | |||
landsby | |||
Moshav Beit Yitzhak, 1940
| |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Region | Sharonsletta | ||
Distrikt | Sentral | ||
Kommune | Heferdalen | ||
Koordinatar | 32°19′39.6″N 34°53′19.3″E / 32.327667°N 34.888694°E | ||
Folketal | 2 131 (2019)[1] | ||
Grunnlagd | 1963 | ||
Tilhøyrsle | Jordbruksunionen | ||
Beit Yitzhak-Sha'ar Hefer 32°19′40″N 34°53′19″E / 32.327666666667°N 34.888694444444°E | |||
Kart som viser Beit Yitzhak-Sha'ar Hefer.
| |||
Wikimedia Commons: Beit Yitzhak-Shaar Hefer | |||
Nettstad: www.beit-yitzhak.org.il |
Historie
endreBeit Yitzhak vart grunnlagd i 1939. I følgje ei bok frå 1949 av Jewish National Fund vart byen opphavleg grunnlagd av noko eldre tyske immigrantar som hovudsakleg dreiv med fjørkredrift.[2] Han vart kalla opp etter Yitzhak Feuerring, ein tysk sionistleiar. I 1948 hadde han eit folketal på 300.[2]
Han vart sidan slått saman med Sha'ar Hefer, Nira og Gan Hefer. Ganot Hadar vart òg slått saman med desse landsbyane, men vart sidan ein sjølvstendig moshav att. «Hefer» var eit administrativt distrikt med ein eigen høvding på tida til kong Salomo (1. Kongebok 4:10).
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Beit Yitzhak-Sha'ar Hefer» frå Wikipedia på engelsk, den 26. juli 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 https://www.citypopulation.de/en/israel/central/sharon/0326__bet_yizhaq_shaar_hefer/; Wikimedia-import-URL: https://he.wikipedia.org/w/index.php?oldid=29003046.
- ↑ 2,0 2,1 Jewish National Fund (1949). Jewish Villages in Israel. Jerusalem: Hamadpis Liphshitz Press. s. 23.
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell nettstad (he)