Beitostølen er ein tettstad og vintersportsstad i Øystre Slidre kommune i Oppland i Innlandet fylke. Staden har 374 innbyggjarar per 1. januar 2017, og som namnet fortel var staden opphavleg ei stølsgrend.

Beitostølen
tettstad
Beitostølen
Land  Noreg
Fylke Innlandet
Kommune Øystre Slidre
Areal 1,41 km²
Folketal 374  (2022)
Folketettleik 265 / km²
Postnummer 2953 BEITOSTØLEN
Preposisjon Beitostølen
Kart
Beitostølen
61°14′27″ N 8°55′21″ E
Wikimedia Commons: Beitostølen

På Beitostølen er det fleire hotell og store hytteområde. Det er òg butikkar, serveringsstader og andre tenestetilbod særleg retta mot tilreisande. Staden er kjend som vintersportsstad med alpinbakkar både ved Beitostølen sentrum og i Raudalen, samt langrennsløyper på totalt 320 km.

Her ligg Beitostølen Helsesportsenter, ein rehabiliteringsinstitusjon for funksjonshemma, stifta av Erling Stordahl. Ridderrennet, eit skirenn for funksjonshemma, vert halde på Beitostølen kvart år. Frå 2004 har sesongopninga i verdscupen i langrenn vorte arrangert her. Eit skiskytingsrenn plar òg arrangerast her tidleg i sesongen. I november kvart år skipar Øystre Slidre IL til Beitosprinten.

Sjå òg endre

Kjelder endre


  Denne geografiartikkelen som har med Innlandet å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.