Bekfuru
Bekfuru (Pinus rigida)[1], også kjend som pitchpine, er eit furuslag som høyrer heime i det austlege Nord-Amerika. Det kan trivast på ulik jordsmun, og får ei høgd på 6-30 meter. Bekfuru har god motstandskraft mot skogbrann. Den tjukke barken vernar stammen mot brannskadar. Om trekruna vert øydelagd, kan det vekse nye skot rett frå stamma.
Bekfuru | |
Bekfuru | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av bekfuru | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Klasse: | Pinopsida |
Orden: | Furuordenen Pinales |
Familie: | Furufamilien Pinaceae |
Slekt: | Furuslekta Pinus |
Underslekt: | Pinus |
Seksjon: | Taeda |
Art: | Bekfuru P. rigida |
Vitskapleg namn | |
Pinus rigida |
Trevirke
endreSjølv om bekfuru ofte er krokete, og det kan vekse fleire stammer frå same rot, har trevirke vorte nytta til mange formål. Veden inneheld mykje harpiks, og er tung, hard og dermed slitesterk. Bruksområde har vore jernbanesviller, props i gruvegangar, og skipsbygging. Colin Archer brukte Pich Pine til garnering i polarskipet «Fram». Nokre av dei tidlege redningsskøytene hadde kjøl av bekfuru. Trevirket som har vore i handelen som Pitch Pine har og kome frå andre amerikanske furuslag, særleg Longleaf Pine (Pinus palustris).
Kjelder
endre- ↑ Norsk plantenomenklaturråd for hagebruk og Ole Billing Hansen (2015), NAVN PÅ BARPLANTER, Institutt for plantevitenskap / Norges miljø- og biovitenskapelige universitet
- Tom Rasmussen: Trevirke og materialbruk i Kravellbygging i Norge. Hardanger Fartøyvernsenter og Norsk Sjøfartsmuseum 2008
- Bogen om træ. Lademann Forlagsaktieselskab København 2008
- Denne artikkelen bygger på «Pitch Pine» frå Wikipedia på engelsk, den 4. mars 2011.