Bekkelaget stasjon

59°53′0″N 10°46′13″E / 59.88333°N 10.77028°E / 59.88333; 10.77028

Bekkelaget stasjon i 1903.
Kristiania. Bækkelaget.

Bekkelaget stasjon (opphavleg namn: Bækkelaget) var ein jarnbanestasjonØstfoldbanen i Oslo kommune, opna i 1879. Stasjonen låg 3,950 kilometer frå Oslo sentralstasjon. Etter at eit leirras 7. oktober 1953, det såkalla Bekkelagsraset, hadde rive med seg både hovudvegen inn til Oslo frå sør, Mosseveien, og jarnbanelina rett sør for stasjonen, måtte jarnbanelina leggjast i tunnel i fast fjell på strekninga. Arbeidet med tunnelen hadde allereie byrja då raset gjekk, men tunnelen vart likevel ikkje ferdig før i september 1958. På grunn av tunnelen måtte stasjonen erstattast av ein ny Bekkelaget haldeplass ved tunnelmunningen, 4,30 kilometer frå Oslo S, og den gamle stasjonsbygningen vart rive ned og seld som byggjematerialar. Ei hytte i Tvedestrand vart bygd i 1960 med tømmer frå stasjonsbygningen, og deler av bygningen er òg nytta i ei hytte i Gudbrandsdalen. Haldeplassen ved tunnelmunningen vart lagd ned i 1983.

Kjelder endre