Belaja ved Angara

Belaja (russisk Белая) er ei elv i Irkutsk oblast i Russland og ei av sideelvane til Angara frå venstre. Elva er 359 km lang og har eit nedslagsfelt på 18 000 km². Elva har ei middelvassføring på 178 m³/s.

Belaja
elv
Land  Russland
Nedslagsfelt 18 000 km²
Lengd 359 km
Middelvassføring 178 /s
Munning Angara
Kart
Belaja ved Angara
52°55′01″N 103°39′26″E / 52.91694444°N 103.65722222°E / 52.91694444; 103.65722222

Belaja munnar ut i Angara 106 km nedanfor Irkutsk. Ho oppstår der Store og Vesle Belaja renn saman i Aust-Sajan, 2500 meter over havet.

Elva vart tidlegare nytta til tømmerfløyting.

Kjelder

endre