Belladonna av Ian Carr

studioalbum av Ian Carr
Belladonna
Studioalbum av Ian Carr
Utgjeve 1972
Innspelt Juli 1972
Studio Phonogram Studios i London
Sjanger Jazzrock
Selskap Vertigo
Produsent Jon Hiseman
Ian Carr-kronologi 
Belladonna Old Heartland
(1989)
Nucleus-kronologi
Solar Plexus
(1971)
Belladonna Labyrinth
(1973)


Belladonna var det første soloalbumet til den britiske trompetisten Ian Carr, gjeve ut i 1972 på Vertigo Records.

Bandet til Ian Carr, Nucleus, hadde spelt inn tre album i 1970 og 1971, og då medlemmane Chris Spedding, Jeff Clyne, Karl Jenkins og John Marshall slutta, dei to sistnemnde for å bli med i Soft Machine, vart bandet oppløyst. Belladonna vart då spelt inn med berre Carr og det einaste andre attverande medlemmet frå bandet, saksofonisten Brian Smith. Carr fekk med seg gitaristen Allan Holdsworth på gitar, Clive Thacker på trommer, Roy Babbington på bass, Dave McRae og Gordon Beck på elektrisk piano og Trevor Tomkins på perkusjon. Alle desse, utanom Holdsworth, vart med i eit sameina Nucleus for albumet Labyrinth året etter, så albumet vert stundom rekna med som ein del av diskografien til Nucleus.

Albumet vart spelt inn i juli 1972 i Phonogram Studios i London.

Innhald

endre

Alle songar er skrivne av Ian Carr.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Belladonna»13:42
2.«Summer Rain»6:12
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
3.«Remadione» 3:48
4.«Mayday» 5:39
5.«Suspension» 6:15
6.«Hector's House»Brian Smith4:37

Medverkande

endre
Teknisk
  • Jon Hiseman - produsent
  • Roger Wake - lydteknikar
  • Peter G. Gallen - miksing og mastering i Lansdowne Studios
  • Denise Valentine - design

Kjelder

endre

Belladonna av Ian CarrDiscogs