Roy Babbington (fødd 8. juli 1940 i Kempston i Bedfordshire i England) er ein rocke- og jazzbassist. Han er mest kjend som bassist i Canterbury scene-bandet Soft Machine.

Roy Babbington

Fødd8. juli 1940 (83 år)
FødestadKempston
OpphavStorbritannia
Aktiv1958–
Sjangerjazz, progressiv rock
Instrumentgitar, kontrabass, bassgitar, bass
Verka sombassist, gitarist, jazzmusikar

I 1969 flytte han til London og vart med i bandet Delivery, eit av banda i Canterbury scene med Phil Miller, Pip Pyle og Lol Coxhill. Samstundes var han studiomusikar for jazz/fusion-musikarar som Michael Gibbs og The Keith Tippett Group (med Elton Dean). I tillegg spelte han i Centipede (1971) og på Dean-albumet Just Us. Då Delivery vart oppløyst i 1971 etter eit album med Carol Grimes kalla Fools Meeting, vart Babbington med i Nucleus.

Han medverka på album av Alexis Korner, Harvey Andrews, Mike d'Abo, Chris Spedding og vart på denne tida medlem av banda "Schunge", Solid Gold Cadillac (med Mike Westbrook og Spedding blant andre) og Ovary Lodge.

Babbington hadde alt medverka med kontrabass til Soft Machine-albuma Fourth (1971) og Fifth (1972), før han permanent erstatta Hugh Hopper som bassist for albumet Seven.

Etter 1976 har han arbeidd med Judie Tzuke, og i 1980- og 1990-åra med Barbara Thompson, Elvis Costello, Carol Grimes, Mose Allison og BBC Big Band.

I 2008 spelte han med Soft Machine Legacy[1][2] og har erstatta den avdøde Hugh Hopper som bassisten deira i 2009.[3]

Kjelder endre

  1. Biography at Calyx
  2. Roy Babbington at www.jazzwisemagazine.com
  3. Soft Machine Legacy Arkivert 2009-04-15 ved Wayback Machine. on John Etheridge's web site. Retrieved 2010-01-17

Bakgrunnsstoff endre