Belojarskij
Belojarskij (russisk Белоярский) er ein by i Khanty-Mansia i Russland med om lag 20 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Kazim, ei sideelv til Ob, rundt 330 km nordvest for Khanty-Mansijsk.
Belojarskij Белоярский | |||
---|---|---|---|
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Russland | ||
Føderasjonssubjekt | Khanty-Mansia | ||
Grunnlagd Bystatus |
1969 1988 | ||
Geografi | |||
Innbyggjarar - Totalt (2008) |
20 087 | ||
Koordinatar | 63°43′00″N 66°40′00″E / 63.71667°N 66.66667°E | ||
Tidssone - Ved sommartid |
YEKT(UTC+5) YEKST (UTC+6) | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 862162 | ||
Retningsnummer (tlf) | +7 34670 |
Historie
endreBelojarskij vart grunnlagd i 1969 som eit støttepunkt for bygginga av ein gassrøyrleidning frå Jamalhalvøya til Nadym i den europeiske delen av Russland. 1973 vart han urbanliknande busetnad og i 1988 fekk han bystatus.
Økonomi og næringsliv
endreHovudnæringa i byen er drift og vedlikehald av gassrøyrleidningen til Tjumentransgas (russisk: Тюментрансгаз). Etter at det vart funne råolje i nærleiken starta selskapet RITEKBelojarskneft (russisk: РИТЭКБелоярскнефть) med utbygging av førekomstane
Lokalt viktig er òg tamrein- og pelsdyrhald, samt fiske.
Kjelder
endre- Delar av denne artikkelen bygger på «Belojarskij» frå Wikipedia på bokmål, den 3. februar 2009.