Benedetto Marcello
italiensk komponist, poet og skribent
Benedetto Marcello (fødd mellom 24. juli og 1. august 1686 i Venezia; død 24. eller 25. juli 1739 i Brescia) var ein italiensk komponist av barokkmusikk.
Benedetto Marcello | |||
| |||
Fødd | 1686 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Venezia | ||
Død | 25. juli 1739 (52 år) | ||
Dødsstad | Brescia | ||
Opphav | Republikken Venezia | ||
Periode | Barokken | ||
Sjanger | Concerto, kammermusikk, vokalmusikk | ||
Verka som | Komponist | ||
Gift med | Rosanna Scalfi Marcello |
Benedetto Marcello stamma frå ein advokatfamilie, studerte jus og hadde høge offentlege stillingar i den venetianske republikken.
Alt som ung publiserte han songar og sonettar. Han studerte komposisjon hos Francesco Gasparini (1668–1727) og Antonio Lotti (rundt 1667–1740). Marcello dyrka komposisjon som ein hobby ved sidan av sine offentlege verv og han vart derfor kalla nobile Veneto dilettante di contrappunto, dvs. ein amatørkomponist.
Òg broren Alessandro Marcello var ein ganske framgangsrik amatørkomponist.
Nokre verk av Benedetto Marcello:
- Concerti a 5 stromenti (1701)
- Cellosonatar op. 1 (1712)
- 12 fløytesonatar op. 2 (1712)
- 10 cembalosonatar op. 3 (1712)
- Canzoni madrigalesce ed arie per camera a 2, a 3, a 4 voci (1717)
- Gioa (Oratorium, o.A.)
- Salve (o.A.)
- Tantum ergo (6-stemmig)
- Eit allegorisk oratorium: Il trionfo della poesia e della musica nel celebrarsi la morte, la esaltazione e la coronazione di Maria (o.A.)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Benedetto Marcello» frå Wikipedia på bokmål, den 17. juli 2010.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Eleanor Selfridge-Field: The music of Benedetto and Alessandro Marcello. A thematic catalogue, with commentary on the composers, repertory and sources. Clarendon Press, Oxford 1990, ISBN 0-19-316126-5
Bakgrunnsstoff
endre- Verk av og om Benedetto Marcello i katalogen til det tyske nasjonalbiblioteket
- Gratis noter i Kantoreiarchiv Arkivert 2007-09-27 ved Wayback Machine.