Kammermusikk er nemninga på ein type klassisk musikk spela av nokre få musikarar, til forskjell frå orkestermusikk. Namnet kjem av at musikken tradisjonelt blei oppført i slottskammer og ikkje i konsertsalar. Kammermusikk blir som regel spela utan ein dirigent, og har derfor meir av eit solopreg.

Kammermusikkonsert måla av Jules-Alexandre Grün mot slutten av 1800-talet.
Eit kammerorkester i Mozarteum i Salzburg.

Kammergruppa har sjeldan meir enn ti utøvarar. Verk og ensemble har namn etter kor mange musikarar som er med, frå to utøvarar i ein duett vidare til trio, kvartett, kvintett, sekstett, septett, oktett og nonett. Instrumentsamansetjinga kan variera. Den vanlegaste er strykekvartetten med to fiolinar, ein bratsj og ein cello.

Historikk endre

Opphavleg blei omgrepet kammermusikk brukt om musikk som blei framført ved hoffa, i motsetnad til kyrkjemusikk. I barokken blei omgrepet utvikla og avgrensa til berre å omfatta rein instrumentalmusikk arrangert for små besetningar. Under wienerklassisismen fortsette utviklinga, først og fremst for strykekvartetten.

Joseph Haydn og Wolfgang Amadeus Mozart skreiv gjerne strykekvartettar som kunne spelast av amatørar som ville hygga seg, og desse var ofte ikkje meint å skulle framførast offentleg. Ludwig van Beethoven skreiv òg kammermusikk for «heimebruk», men dei seinare strykekvartettane hans er komplekse arbeid som ofte regnet for å vere for vanskelege for amatørar. I romantikken blei kammermusikken vidareutvikla som musikk for profesjonelle ensemble.

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre