Bengt Morten Wenstøb

norsk politikar

Bengt Morten Wenstøb (fødd 26. februar 1963) er ein norsk politikar som er ein av Høgres tre representantar frå ØstfoldStortinget 2013-2017. Han er medlem av Arbeids- og sosialkomitéen.[1]

Bengt Morten Wenstøb

Fødd26. februar 1963 (61 år)
Fredrikstad
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, universitetslærar, sosionom
Utdanna vedNoregs teknisk-naturvitskaplege universitet
Alle verv

Wenstøb er cand. socion. frå NTNU i 1995.[2] Han arbeider til dagleg som høgskulelektor ved Høgskolen i Østfold, der han har vore tilsett sidan 2003. Han underviser på sosionomutdanninga ved Avdeling for helse- og sosialfag.[3]

Wenstøb er gift og busett i Fredrikstad. Han har politisk erfaring frå både Fredrikstad Høgre (leiar 2007-2008) og Østfold Høgre.[4] I tillegg har han vore bystyrerepresentant i Fredrikstad.[5]

Fotnotar

endre
  1. Biografi hjå Stortinget
  2. Profil hjå Høgskolen i Østfold, arkivert frå originalen 1. november 2013, henta 30. oktober 2013 
  3. Høgskoleavisa, 10.09.13: Bengt Morten inn på Stortinget, arkivert frå originalen 1. november 2013, henta 30. oktober 2013 
  4. Profil hjå Høgre, arkivert frå originalen 31. oktober 2013, henta 30. oktober 2013 
  5. Fredrikstad Blad, 16.03.13: Bengt Morten Wenstøb (50). Vitja 30.10.13