Benjamin Lee Whorf
Benjamin Lee Whorf (24. april 1897–26. juli 1941) var ein amerikansk antropolog og lingvist. Han studerte mellom anna nahuatl (aztek) og maya, og medverka til den seinare dechiffreringa av gamle innskrifter ved å påpeike at teikna utgjorde språkteikn. Gjennom studiar av hopi såg Whorf korleis grammatiske kategoriar tilrettelegg tenking om universet, og i samarbeid med Edward Sapir utforma han ein hypotese om styringa til språkstrukturen av tenkinga kalla lingvistisk relativisme, eller Sapir-Whorf-hypotesen, som er mykje omdiskutert.
Benjamin Whorf | |||
Fødd | 24. april 1897 Winthrop i Massachusetts | ||
---|---|---|---|
Død | 26. juli 1941 (44 år) Wethersfield, Hartford | ||
Nasjonalitet | amerikansk | ||
Område | lingvistikk | ||
Yrke | antropolog, lingvist, filosof | ||
Institusjonar | Yale University | ||
Alma mater | Yale University Massachusetts Institute of Technology | ||
Doktorgradsrettleiar | Edward Sapir | ||
Kjend for | Sapir–Whorf-hypotesen |
Kjelder
endre«Benjamin_Lee_Whorf» av Henning Siverts i Store norske leksikon, snl.no.