Bensinavgift blir bruka om offentlege avgifter som blir lagt på den ordinære avansen oljeselskapa reknar for bensin. Bensinavgifta består av statlege, fiskale avgifter og miljøavgifter der drivstoffavgift og meirverdiavgift utgjer ein hovuddel. Summen av avgiftene og prisen til oljeselskapa utgjer til saman den prisen kunden må betale for bensinen.

Bensinavgifta i Noreg

endre

I Noreg i 2007 utgjorde bensinavgifta NOK 7,31 pr. liter bensin, eller 63 % av bensinprisen. I 1997 utgjorde avgifta NOK 6,55 som var 74 % av bensinprisen. Bensinavgifta i Noreg var prosentvis på sitt høgaste i 1998 då råoljeprisen var på sitt lågaste, og har sidan då blitt prosentvis redusert.

Engasjement

endre

Bensin- og dieselavgiftene er eit stadig emne for oppheita politisk debatt og misnøye til mange forbrukarar. Som miljøskatt viser bensinavgiftene seg i stor grad å skattleggje dei som faktisk forureinar. Drivstoffutgifter utgjer 3,5 % av utgiftene til eit vanleg norsk hushald.

Bakgrunnsstoff

endre

Kjelde

endre