Diesel er eit petroleumsbasert drivstoff som vert nytta i forbrenningsmotorar der tenning er basert på kompresjon i staden for gneiste. Namnet kjem av Rudolf Christian Karl Diesel (1858-1913), ein tysk ingeniør som fann opp dieselmotoren. Dieselmotoren vart seinare vidareutvikla av Charles F. Kettering

Ei krukke diesel.

Kjemisk samansetting og karakteristikkar endre

Diesel kan utvinnast frå råolje. Dieselfraksjonen har eit kokepunkt mellom om lag 250 °C og 350 °C. Diesel er generelt lettare å framstilla enn bensin, noko som er ei forklaring på at diesel generelt er billegare i sal. Diesel har ein tettleik (eigenvekt) på kring 0,84 kg/l.

Tenningseigenskapar endre

Tenningsegenskapane til diesel vert målt i cetantal, cetantalet er eit mål på kor lett dieselen vert tend. Heksadekan (som òg vert kalla cetan) er eit referansestoff. Stoffet vert lett tend under trykk, og det ein rekna at dette stoffet har eit cetantal på 100. Cetantalet i vanleg autodiesel er normalt 51.

Kuldeeigenskapar endre

Diesel er eit tyngre stoff enn bensin, dette tyder mellom anna at diesel toler kulde dårlegare. To eigenskapar er viktige å kontrollera, det eine er tåkepunktet (engelsk: Cloud Point). Tåkepunktet er temperaturen då dei fyrste vokskrystalla vert danna, og er den lågaste temperaturen dieselen kan lagrast utendørs. Den andre eigenskapen er blokkeringspunktet (engelsk: Cold Filter Plugging Point, CFPP), den lågaste temperaturen ein kan nytta dieselen.

Kva tåkepunkt og blokkeringspunkt er vil variere med årstida og kor ein er i verda.

Biodiesel endre

Biodiesel kan framstillast av vegetabilske oljer eller frå animalsk feitt. Raps og rybs er mykje nytta til dette. Biodiesel kan nyttast som eit ikkje-fossilt alternativ til petroleumsdiesel. Biodiesel har gode smørjeeigenskapar, og vert ved nokre høve blanda inn i petroleumsdiesel for å betra smøreeigenskapane.

Bruk endre

Tradisjonelt har dieselmotorar vore nytta av tyngre køyretøy som lastebilar, traktorar, tog og bussar. Etter kvart har mange personbilar i Europa vorte selde med dieselmotorar. Diesel vert òg nytta som drivstoff i båtar, denne marine dieselen er ofte tyngre og har eit høgare svovelinnhald enn autodiesel. Diesel har òg vore forsøkt nytta som drivstoff både for fly og motorsyklar utan større suksess.

Dieselolje vert nytta som fyringsolje, ofte i sentralfyringsanlegg.

Sjå òg endre

Kjelder endre