Bent Blehr

Bent Blehr (3. januar 177011. november 1828) var ein norsk kjøpmann, skipsreiar og stortingsmann frå Bamble i Telemark.

Bent Blehr
Fødd 3. januar 1770
Død

11. november 1828 (58 år)

Yrke politikar, reiar, forretningsdrivande, trelasthandlar

Blehr var fødd på storgarden Kjellestad ved Stathelle, som han i si tid overtok etter far sin. Han fekk i 1798 borgarbrev i Brevik og dreiv omfattande verksemd som skipsreiar, verfts- og sagbrukseigar, samt trelasthandlar. I 1801 fekk han «kongebrev» med eksklusive rettar til å transportere folk med båt mellom Brevik og Stathelle, til å syrgje for hesteskyss mellom Stathelle og Langesund, og til å halde gjestgjeveri ved Stathelle.

Blehr var i 1818 1. representant for Bratsbergs amtStortinget. Han var medlem av elleve komitéar, der i mellom sekretær i komiteen om kapra skip, medlem av komiteen om pakkefart til Jylland, om sagbruksprivilegiar og fleire komitear kring pengestellet.

Blehr budde heile livet på Kjellestad, døydde der i 1828.

KjelderEndra