Bente Bakke

norsk politikar

Bente Bakke (fødd 13. november 1942 i Oslo) er ein norsk politikar. Ho vart innvald på Stortinget frå Østfold i 1985 for partiet Høgre. Bakke var før det kommunestyrerepresentant i Eidsberg i perioden 1975–1979. Ho var første vararepresentant i perioden 1981–1985, og møtte då fast for Svenn Thorkild Stray medan han sat i regjering som utanriksminister. Frå 1981 til 1989 var ho òg Høgre si miljøpolitiske talskvinne. Bakke melde i 2011 overgang til Miljøpartiet Dei Grøne, og vart i 2013 vald inn i sentralstyret til partiet.[1][2]

Bente Bakke
Fødd13. november 1942 (81 år)
Oslo
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre, Miljøpartiet Dei Grøne (2011)
Yrkepolitikar, journalist
Alle verv

Stortingskomitear endre

Utgjevingar endre

  • På bakerste benk – observasjoner fra stortinget 1981-1989, Oslo 1990

Kjelder endre

  1. «Høyre-veteran blir grønn». TV 2 Nyhetene/politisk.no. 7. november 2011. Henta 7. november 2011. 
  2. «Høyre er gjennomsyret av grådighet». DN.no. 3. mai 2013. Henta 5. mai 2013. 

Bakgrunnsstoff endre