Eidsberg kommune

tidlegare kommune i Østfold fylke i Noreg

Eidsberg kommune er ein tidlegare norsk kommune i Østfold fylke, fram til han 1. januar 2020 blei del av den nye Indre Østfold kommune.[1] Kommunen grensa til Marker kommune i aust, Rakkestad kommune i sør, Skiptvet kommune i sørvest, Askim kommune i nordvest, Trøgstad kommune i nord og Aurskog-Høland i Akershus fylke i nordaust. Kommunen omfatta låglandet på austbreidda av Glomma og skogsåsane austover mot vasskiljet mot Haldenvassdraget.

Eidsberg kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Østfold
Adm.senter Mysen
Areal 236 km²
 - land 232 km²
 - vatn km²
Målform bokmål
Ordførar Erik Unaas (H)
Kommunenr. 0125
Kart
Eidsberg kommune
59°32′13″ N 11°21′37″ E
Wikimedia Commons: Eidsberg
Nettstad: www.eidsberg.kommune.no

Administrasjonssenteret var Mysen, endestasjon for den austre linja til togselskapet NSB. Den best kjende attraksjonen i området er Momarken travbane, der Momarkedet bruker å bli skipa til.

Eidsberg kyrkje
Høytorp fort

Kommunevåpenet Endra

Kommunevåpenet blei godkjent i 1962 og har eit svart avrive bjørnehovud på gull bakgrunn. Motivet viser til segner om ei rekke mannsnamn på -bjørn, og til baglaranes Arnbjørn Jonsson, som også var lendmann.

Kjende personar frå Eidsberg kommune Endra

Kjelder Endra

  1. «Navn på nye kommuner», Regjeringen.no (på norsk), 3. januar 2020, henta 9. januar 2020 

Bakgrunnsstoff Endra