Koordinatar: 59°56′15.983″N 10°45′35.356″E

Bentse Brug var eit industrianlegg som låg ved Akerselva i Kristiania frå 1696 til 1898/1899.[1][note 1]Det låg på Sagene rett ved der Bentsebrua ligg no. Andre namn på fabrikken var Bentse Papirmølle, Øvre mølle og på eit seinare tidspunkt Akerselvens Papirfabriker.

Akerselva ved Bentse Brug i 1900.
Foto: Anders Beer Wilse / Teknisk Museum

Bentse Brug var opphavleg ei papirmølle etablert av Ole Bentsen etter at han fekk kongeleg privilegium av Kristian V på å bygge ei mølle i Kristiania. Privilegiet gav Bentsen monopol på framstilling av papir i Noreg.

Ved hjelp av pengar frå Gerhard Treschow som òg blei medeigar, fekk Bentsen reist mølla og sett i gang produksjonen. Mølla var den fyrste av sitt slag i Noreg og utvikla seg til å bli ei pionerverksemd for norsk papirindustri.[2]

Den gamle teglsteinbygningen som var hovudbygningen til Bentse Brug vart rive mellom 1956 og 1959. [3]

Fotnotar endre

  1. Nokre kjelder skriv 1898 og andre 1899 som nedlegging av drifta. Industrimuseum skriv 1899, A. M. Noraker skriv 1898 i sin artikkel om papirproduksjonen i Kristiania i Tobias og Tallak Moland skriv «ved århundreskiftet» i si bok Historien om Akerselva gjennom de siste 400 år.

Litteratur endre