Berar er ein person som har som arbeid å bera noko for andre. Dette kan vera i samband med reise, til dømes på togstasjonar eller ved fjellklatring og andre ekspedisjonar. Børa til ein berar er gjerne tung, og kan omfatta proviantar, utstyr og bagasje.

Berar i Jerusalem med femti tomme bensinkanner på ryggen.
Foto: Mellom 1914 og 1918

Historisk har ein brukt menneske til å bera ting meir enn i dag, når mykje av beringa er overteken av maskinar i mange samfunn. Berarar er framleis i bruk i utviklingsland og på stader med ulendt eller veglaust terreng, som fjell eller tjukk skog. Dei kan også vera tilsette av historiske grunnar, til dømes ein pikkolo for å gje hotell eit tradisjonelt eller luksuriøst preg.

GalleriEndra


Sjå ogsåEndra

KjelderEndra