Berentsens Brygghus AS

(Omdirigert frå Berentsens Brygghus)

Berentsens Brygghus AS, fram til 2007 registrert som Egersund Mineralvandfabrik AS[1], er eit norsk bryggeri i Egersund, grunnlagt i 1895 av kaptein Wilhelm Berentsen. Bryggeriet blir framleis drive av familien Berentsen og produserer eplemost, brus, tonic, øl og alkoholhaldig cider. Berentsens var Noregs første produsent av eplemost med kolsyre. Produkta blir seld hovudsakleg under merkenamnet Berentsens. Frå 2018 har selskapet òg drive eit brenneri der det produserer whisky, gin og akevitt.

Berentsens Brygghus AS
Org.nr.911284669
BransjeDestillasjon
Skipa1895
HovudkontorEgersund
LandNoreg
Produktøl, brennevin, sider

Kjelder

endre
  1. Endring av foretaksnavn, Brønnøysundregistrene
  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.