Berentsens Brygghus AS
Berentsens Brygghus AS, fram til 2007 registrert som Egersund Mineralvandfabrik AS[1], er eit norsk bryggeri i Egersund, grunnlagt i 1895 av kaptein Wilhelm Berentsen. Bryggeriet blir framleis drive av familien Berentsen og produserer eplemost, brus, tonic, øl og alkoholhaldig cider. Berentsens var Noregs første produsent av eplemost med kolsyre. Produkta blir seld hovudsakleg under merkenamnet Berentsens. Frå 2018 har selskapet òg drive eit brenneri der det produserer whisky, gin og akevitt.
Berentsens Brygghus AS | |||
Org.nr. | 911284669 | ||
---|---|---|---|
Bransje | Destillasjon | ||
Skipa | 1895 | ||
Hovudkontor | Egersund | ||
Land | Noreg | ||
Produkt | øl, brennevin, sider |
Kjelder
endre- ↑ Endring av foretaksnavn, Brønnøysundregistrene
- Denne artikkelen bygger på «Berentsens Brygghus» frå Wikipedia på bokmål, den 29. oktober 2011.