Berghumle

insektart

Berghumle (Bombus monticola) er ei humle som lever i fjellet og i fjellskogen. Ho dominerer i lågalpin sone der ho ofte er den vanlegaste humlearten. Ho kan av og til finnast i låglandet, særskilt om våren og tidleg på sumaren.[2] Berghumla er særs vanskeleg å skilja frå lapphumler som ikkje har gule hår på bakkroppen.

Berghumle
Dronning av berghumle på gullris. Frå Munkvoll i Oppdal. Foto: Åslaug Viken
Dronning av berghumle på gullris. Frå Munkvoll i Oppdal.
Foto: Åslaug Viken
Status
Status i Noreg: LC Livskraftig[1]
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Seksfotingar Hexapoda
Klasse: Insekt Insecta
Orden: Årevenger Hymenoptera
Familie: Langtungebier Apidae
Slekt: Humler Bombus
Art: Berghumle B. monticola
Vitskapleg namn
Bombus monticola

Berghumla finst i Fennoskandia og austover til Kolahalvøya, i Storbritannia, Alpane, Pyreneane, i Italia og på Balkan. Utbreiinga i Noreg er dårleg kjend, men DNA-strekkoding tyder at ho er vanleg i heile fjellkjeda frå Hardangervidda i sør til Pasvik og Lakselv i nord.

Kjelder

endre
  •   Denne artikkelen nyttar som kjelde og kan innehalda tekst og formuleringar frå artikkelen Berghumle skriven av Frode Ødegaard, Jan Ove Gjershaug, Arnstein Staverløkk og Roald Bengtson. Artikkelen vart utgjeven av Norsk institutt for naturforskning under lisensen CC BY 3.0. Henta 25. juli 2020.
Referansar
  1. Ødegaard F, Lønnve OJ, Staverløkk A og Sydenham MAK (24. november 2021). «Vepser: Vurdering av berghumle Bombus (Pyrobombus) monticola for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 13. mars 2022. 
  2. «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 13. mars 2022. Henta 13. mars 2022. 
  Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.