Bergsdalen kyrkje
Bergsdalen kyrkje står på Liatreet i Bergsdalen i Vaksdal kommune i Vestland fylke, og er ei mura langkyrkje frå 1955.
Bergsdalen kyrkje | |||
kyrkje | |||
Foto: Per Magne Kjøde | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Vaksdal | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Bjørgvin | ||
Prosti | Hardanger og Voss | ||
Sokn | Bergsdalen | ||
Fellesråd | Vaksdal | ||
Stad | Bergsdalen | ||
Type | Langkyrkje | ||
Arkitekt | Leiv Tvilde[1] | ||
Material | Stein og betong | ||
Innvigd | 3.juli 1955[1] | ||
Kyrkjegard | Ved kyrkja, vigsla 1902 | ||
Altartavle | Triptyk av Ole Gabriel Dahl | ||
Sitjeplassar | 140 | ||
Bergsdalen kyrkje 60°34′17″N 5°57′01″E / 60.5715°N 5.9503°E | |||
Wikimedia Commons: Bergsdalen kirke |
Arkitekt for bygget var Leiv Tvilde. Inventaret er frå byggeåret eller seinare, og Leiv Tvilde teikna også alteret, døypefonten og preikestolen. Altertavla er frå 1968 og er eit triptykon laga av Ole Gabriel Dahl.
Bergsdalen kyrkje er soknekyrkje i Bergsdalen sokn i Hardanger og Voss prosti. Kyrkja er den fyrste på staden, og før dei fekk henne, sokna folk i Bergsdalen til Evanger kyrkje på Voss.
Kjelder
endreFotnotar
endreBakgrunnsstoff
endre- Om Bergsdalen sokn på nettstaden til Den norske kyrkja
- Kart frå 1979 som viser soknegrenser og kyrkjestader, på nettstaden til Universitetet i Bergen
- «Kirkebøker, Hordaland» på nettstaden til Arkivverket Arkivert 2009-03-22 ved Wayback Machine.
- Skanna kyrkjebøker frå Hordaland på nettstaden til Arkivverket
- Oversyn over gravminne i Vaksdal kommune på nettstaden disnorge.no
- Bergsdalen kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- «Bergsdalen kyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja.