Evanger kyrkje står på Evanger i Voss herad i Vestland, og er ei langkyrkje frå 1851.

Evanger kyrkje
kyrkje
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Voss
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Hardanger og Voss
Sokn Evanger
Fellesråd Voss
Stad Evanger 
Type Langkyrkje
Material Tre
Innvigd 1851[1]
Kyrkjegard Rundt kyrkja
Sitjeplassar 250
Kart
Evanger kyrkje
60°38′50″N 6°06′52″E / 60.64722222°N 6.11444444°E / 60.64722222; 6.11444444
Wikimedia Commons: Evanger kirke
Evanger kyrkje is located in Hordaland
Plasseringa til Evanger kyrkje

Byggmeister for kyrkja, som er bygd i tre og har sitjeplassar til 250 personar, var Ole Syslak.

Kyrkja er soknekyrkje i Evanger sokn i Hardanger og Voss prosti.

Tidlegare kyrkjer på Evanger endre

Det har vore kyrkje på Evanger sidan mellomalderen. Det tidlegaste ein finn Evanger-kyrkja nemnd i kjeldene er i Bergen kalvskinn frå kring midten av 1300-talet. Mellomalderkyrkja var mest truleg ei stavkyrkje.[1] Det er litt uklårt kor lenge mellomalderkyrkja stod, men ho vart truleg erstatta av ei tømmerkyrkje på 1600-talet.[1] 1600-talskyrkja stod til ho vart erstatta med den noverande kyrkja i 1851. Frå mellomalderkyrkja er teken vare på ei kyrkjeklokke, medan den andre av dei klokkene som er i kyrkja er frå 1673.

Kjelder endre

Fotnotar endre

Bakgrunnsstoff endre