Bergstien er ei gate i bydel St. Hanshaugen i Oslo som går i nordleg lei frå Akersbakken attmed Vår Frelsers gravlund til Geitmyrsveien langsetter parken St. Hanshaugen. Bergstien krysser gatene Bjerregaards gate og Waldemar Thranes gate, og er utgangspunkt for den vesle Fredrikke Qvams gate. Bergstien har bustadblokker på kvar side. Det mosaiske trossamfund i Oslo har sin synagoge i Bergstien 15.

Bergstien fotografert i retning mot Akersbakken og Vår Frelsers gravlund.
Synagogen for Det mosaiske trossamfund i Oslo.

Namnet Bergstien på denne gata er gamalt, og har å gjere med terrenget denne etter måten beine gata går i, med fall frå toppen av Akersbakken ned mot Bjerregaards gate, og deretter ein etter kvart steil stigning opp mot St. Hanshaugen.

Kjelder endre