Fredrikke Qvams gate i Oslo

Fredrikke Qvams gate er ei stutt gate i nærleiken av Gamle Aker kyrkje i bydel St. Hanshaugen i Oslo.[1] Gata går ned i nordaustleg lei frå gata Bergstien, og så å seie parallelt med Bjerregaards gate før ho gjer ein rettvinkla sving til venstre og munnar ut i Bjerregaards gate rett attmed Falck Ytters plass.

Det tidlegare revmatismesjukehuset til Oslo Sanitetsforening. Heile bygningen vart riven i 2017 for å gje plass for ei bustadblokk.
Hjørnet på det tidlegare revmatismesjukehuset der Fredrikke Qvams gate går ned (til venstre) frå gata Bergstien.

Denne vesle gatestubben fekk namnet sitt i 1951 som ein heider til Fredrikke Marie Qvam (1843-1938), ein av pionerane i Noreg i arbeidet for kvinnene sine rettar. Ho skipa dessutan Norske Kvinners Sanitetsforening i 1896, som ho var formann for i åra 1896-1933. I denne samanhengen har ho tilknyting til denne gata med hennar namn, for lokalforeininga Oslo Sanitetsforening hadde i 1909 skaffa seg som elev- og sjukesysterheim eigedomen Breidablik, som grensar til både Fredrikke Qvams gate, Bergstien og Akersbakken, med adresse Akersbakken 27. Her bygde foreininga sitt landsdekkjande revmatismesjukehus, opna i 1938, etter å ha rive den gamle hovudbygningen. Dette sjukehuset vart drive på denne staden fram til verksemda vart lagt til Rikshospitalet på Gaustad i Oslo i 1999, etter at revmatismesjukehuset hadde vorte lagt under Rikshospitalet i 1995. Bygningen hyste ei tid mellom anna administrasjonen for bydel St. Hanshaugen og det såkalla Hjertesenteret. Eigedomen vart selt 30. april 2014 til Thon Eiendom, som skulle byggje om bygningen til seniorbustader. Men i 2017 vart bygningen rive for å kunne byggje ein heilt ny bygning på tomta.

Langs Fredrikke Qvams gate ligg det ei høgblokk og to andre blokker med studenthyblar tilhøyrande Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus (SiO), kalla St. Hanshaugen studentby, og elles bustadblokker og ein barnehage.

Fredrikke Qvams gate heitte opphavleg Breidablikgaten etter namnet på den eigedomen som sanitetesforeininga kjøpte i 1909. Det vart naudsynt med nytt namn av di ei anna gate i Oslo òg hadde (og framleis har) dette namnet.

Kjelder endre

  1. «Oslo kommune – Bydelsoversikt (F)». Oslo kommune. Arkivert frå originalen 29. juli 2014. Henta 22. august 2015.