Synagoge
Synagoge (frå gresk συναγωγη) er den generelle termen for jødiske bønne- og forsamlingshus. Hovudrommet i ein synagoge inneheld normalt ei ark (aron hakkódesj eller hekhál) der torárullane blir lagra; ei opphøgd leseplattform (bima eller tebá) for torálesing og leiing av bønn, og eit evig lys (ner tamíd) til minne om den sjuarma lysestaken i Tempelet i Jerusalem. I ortodokse og mange tradisjonelle synagogar er det oftast eit fysisk skilje, mehissá, mellom manns- og kvinnedelane av synagogerommet.
Andre namn for ‘synagoge’ inkluderer hebraisk בֵּית כְּנֶסֶת (bet keneset), jiddisch שׁוּל shul, spansk/portugisisk esnoga og hovudsakleg reformjødisk tempel.
Planløysing
endreDet sentrale rommet i ein synagoge er sjølve gudstenesterommet. Planløysinga i dette rommet har ein del fellestrekk, men òg ulikskapar mellom ulike tradisjonar. I det følgjande vil tre typiske planløysingar bli skildra — den bipolare, den sentralorienterte og den unipolare planløysinga.
Bipolar planløysing
endre- Hekhál (arka, toráskåpet) er plassert midt på austveggen (eller tilsvarande annan vegg om Jerusalem ikkje ligg i retning aust frå synagogen)
- Tebáen ligg på eller nærme vestveggen, altså i motsett ende av rommet frå hekhálen.
- Benkeradene er plasserte på langs av rommet og snur mot midtaksen av rommet. (Sjå teikninga til venstre.)
- I bipolare synagogar blir normalt heile gudstenesta leia frå tebáen, anna enn dei få delane som går føre seg ved den opne hekhálen.
- I synagogar med mehissá er kvinneseta oftast plasserte på eit galleri langs sideveggene og ofte òg atterveggen.
Den bipolare planløysinga er typisk for romaniotisk, italiensk, provençalsk og sefardisk jødedom. Det er òg dokumentert enkelte eksempel på bipolare synagogar i Litauen.
Sentralorientert planløysing
endre- Oppsettet liknar på dei bipolare synagogane, med hovudskilnaden at tebáen eller bimaen ligg nærme midten av rommet.
- Benkeradene kan snu anten mot midtaksen av rommet eller mot arka.
- I sefardiske og enkelte askenasiske synagogar blir det meste av gudstenesta leia frå tebáen (bimaen), men i fleirtalet av dei ortodokse askenasiske synagogane i Aust-Europa vart mykje av gudstenesta leia frå ein mindre lesepult nærme arka.
Sentralorientert planløysing er vanleg i askenasisk-ortodoks jødedom og i mizrahisk jødedom.
Unipolar planløysing
endreI moderne ikkje-ortodoks jødedom i Nord-Amerika er bimaen og dukhánen (plattforma ved arka) samanslegne, og bimaen og arka (aron hakkódesj) ligg saman fremst i synagogerommet. Benkeradene vender mesta alltid mot dette området, som har mange fellestrekk med ei teaterscene.
Vidkjende synagogar
endreSkandinavia og nærområda
endreDanmark
endreDen eldste noverande synagogen i Danmark ligg i Krystalgade i København og vart innvigd i 1833. Denne synagogen blir bruka av Det mosaiske Troessamfund i Danmark, ei moderne ortodoks meinigheit. Det finst òg ein synagoge i Ole Suhrsgade som høyrer til den strengare ortodokse meinigheita Machsike Hadas og som no blir driven av Chabad Danmark. I dei siste par åra har den reformjødiske meinigheita Shir Hatzafon etablert seg som eit alternativ, men dei har enno ikkje nokon fast synagoge.
Noreg
endreI Noreg finst det i dag to synagogar — éin i Oslo og ein i Trondheim. Synagogen i Trondheim er elles ein av dei nordlegaste i verda. (Den aller nordlegaste synagogen i verda ligg, såvidt kjent, i Fairbanks i Alaska.) Andre synagogar har òg vore i bruk — inkludert eit leigd lokale i Folkets Hus i Kristiansund føre andre verdskrigen.