Waldemar Thranes gate

59°55′30.778″N 10°44′36.802″E / 59.92521611°N 10.74355611°E / 59.92521611; 10.74355611

Waldermar Thranes gate sett mot nordaust frå staden der gata går ut frå Dalsbergstien, som er å sjå i framgrunnen og som ei sidegate ned til høgre attom treet. Huset til venstre i framgrunnen har adresse til Dalsbergstien.
Strekninga forbi Falck Ytters plass (attmed trea på høgre side) ned mot Alexander Kiellands plass
Waldemar Thranes gate i krysset med Uelands gate på Alexander Kiellands plass

Waldemar Thranes gate er ei om lag 1,2 kilometer lang gate i Oslo. Gata går i fall i nordaustleg lei frå gata DalsbergstienSt. Hanshaugen fram til Sannerbrua over Akerselva på Ila. Den vestlege parten, ned til krysset med Uelands gate, ligg i Bydel St. Hanshaugen, den austlege parten utgjer grensa mellom Bydel Sagene på nordsida og Bydel Grünerløkka på sørsida. Gata er ei sterkt trafikkert gjennomgangsåre og kryssar mellom anna dei to andre trafikkerte gatene Ullevålsveien på St. Hanshaugen og Uelands gate på Alexander Kiellands plass, der det er ei rundkøyring.

Waldemar Thranes gate vart namnsett i 1879 etter komponisten Waldemar Thrane (1790-1828). Han har mellom anna sett tone til syngjespelet «Fjeldeventyret» av diktaren Henrik Anker Bjerregaard (1792–1842), som har gjeve namn til den litt stuttare parallellgata Bjerregaards gate sør for Waldemar Thranes gate.

Langsetter Waldemar Thranes gate er det i hovudsak bustadblokker frå 1800-talet og fram til 1930-talet, fleire med butikkar eller serveringslokale i fyrste høgda, især på strekninga frå Dalsbergstien til krysset med Ullevålsveien og i nærleiken av krysset med Uelands gate på Alexander Kiellands plass.

Kjelder endre

  Commons har multimedium som gjeld: Waldemar Thranes gate