Berit
kvinnenamn
Berit og Beret er kvinnenamn avleidde av Birgitte, ei nordisk form av irsk Brigantia, 'borg eller fjell med høge, bratte sider' eller 'strålande'. Berit har namnedag den 7. oktober.
Både «Berit» og «Beret» var vanlege namn i Noreg på 1700-talet. I nyare tid har «Berit» vore blant dei mest brukte jentenamna i tida frå rundt 1925 til 1965.
Berit er i Noreg ofte brukt saman med andre førenamn. I 2005 var dei vanlegaste samansetjingane Anne Berit/Anne-Berit, Liv Berit og Inger Berit.
Namneberarar
endre- Berit Ås (f. 1928), norsk sosialpsykolog
- Berit Berthelsen (f. 1944), norsk idrettsutøvar
- Berit Nesheim (f. 1945), norsk filmregissør
- Berit Oskal Eira (f. 1951), norsk politikar
- Beret Aksnes (f. 1952), norsk kunstnar
- Berit Reiss-Andersen (f. 11. juli 1954), norsk advokat og forfattar
- Berit Aunli (f. 1956), norsk langrennsløpar
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Berit» frå Wikipedia på bokmål, den 6. oktober 2009.