Berit Reiss-Andersen

norsk advokat og politikar

Berit Reiss-Andersen (fødd 11. juli 1954) er ein norsk advokat med møterett for Høgsterett og fast forsvarer for Høgsterett sidan 2002. Ho har også gitt ut to kriminalromanar saman med forfattaren og tidlegare justisminister Anne Holt. I 2008 vart ho vald til leiar i Den norske Advokatforening.

Berit Reiss-Andersen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. juli 1954 (69 år)
Drøbak
Yrke politikar, advokat, diktarjurist
Språk norsk
Politisk parti Arbeidarpartiet
Medlem av Den Norske Nobelkomite, Den Norske Nobelkomite
Ektefelle Pjotr Sapegin
Berit Reiss-Andersen på Commons

Berit Reiss-Andersen tok jurisk embetseksamen i 1981. Ho har deretter arbeidd som sakshandsamar i Utlendingsdirektoratet, konsulent i Justisdepartementet og politifullmektig og politiadjutant ved Oslo politikammer. Frå 1987 har ho drive eigen advokatpraksis. I 1997 vart ho fast forsvarar i Oslo tingrett og Borgarting lagmannsrett.[1] Ho var statssekretær for justisminister Anne Holt frå 1996 i Thorbjørn Jagland si regjering, men slutta etter at Gerd-Liv Valla tok over ministerposten i 1997. I høve Ingunn Yssen sine påstandar mot Valla i januar 2007 kom det fram at Reiss-Andersen slutta på grunn av samarbeidsproblem med Valla.

Berit Reiss-Andersen var tidlegare gift med animatøren Pjotr Sapegin.

Boka Uten ekko er dramatisert som høyrespel for NRK Radioteateret.

Den Norske Nobelkomité endre

I 2011 vart ho vald som medlem av Den Norske Nobelkomité for perioden 2012–2017, og vart fungerande leiar for komitéen frå 20. februar 2017 etter Kaci Kullmann Five sin død.[2][3]

Bøker endre

  • Løvens gap – kriminalroman (1997) (Saman med Anne Holt)
  • Uten ekko – kriminalroman (2000) (Saman med Anne Holt)

Kjelder endre

  1. arkivkopi, arkivert frå originalen 25. juli 2012, henta 19. mars 2009 
  2. «Berit Reiss-Andersen blir ny leder». NRK. Henta 4. juni 2017. 
  3. «Ny sammensetning». Nobelprize.org. Henta 4. juni 2017. 

Bakgrunnsstoff endre