Berit Ås

norsk politikar

Berit Ås (fødd Berit Skarpaas10. april 1928) er ein norsk sosialpsykolog og tidlegare politikar frå Fredrikstad, busett på Nesbru i Asker kommune. Ås var den første partileiaren i Sosialistisk Venstreparti, og har òg vore ein viktig figur i norsk kvinnerørsle.

Berit Ås

Fødd10. april 1928 (96 år)
Fredrikstad
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet (ukjend; 1972), Demokratiske Sosialistar (1973; 1975), Sosialistisk Venstreparti (1975)
Yrkepolitikar, universitetslærar, psykolog, konspirasjonsteoretiker
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Utdanna vedUniversitetet i Oslo
University of Michigan
Alle verv

Karriere endre

Då SV vart skipa i 1975, vart ho leiar. Ho hadde bakgrunn frå DNA-utbrytargruppa AIK, og var mellom dei 16 representantane Sosialistisk Valforbund fekk valt inn på Stortinget i 1973. Ho sat som leiar i eitt år, før Berge Furre tok over.

Ås var mellom anna ei av kvinnene bak «Kvinnekuppet», ein politisk aksjon som oppmoda til kumuleringar og strykingar på vallistene til kommunevalet i 1971 for å få kvinner inn i styringa av kommunane. På den måten vart det kvinneleg fleirtal i kommunestyret i Asker, 27 kvinner og 20 menn. Dette fullt lovlege «kuppet» vekte internasjonal merksemd.

Mellom dei viktigaste bragdene hennar som forskar reknar ein identifikasjonen av dei fem hersketeknikkane, som ho skreiv om i 1979.

I 1997 vart ho riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden. Ho mottok òg ein internasjonal akademikarpris ved Amsterdam Universitet i 1988.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre