Opna hovudmenyen
Terminal og informasjonstårn under oppføring juli 2010

Berlin Brandenburg internasjonale lufthamn (BER, fullstendig namn Flughafen Berlin Brandenburg «Willy Brandt») er ei ny lufthamn som vert bygt på grensa mellom delstatane Berlin og Brandenburg i Tyskland. Den representerer ei utviding av Berlin-Schönefeld lufthamn og vil difor delvis liggja same stad.

Arbeida vart påbyrja 5. september 2006 og det var planlagt å opna lufthamna 3. juni 2012.[1] Den 8. mai 2012 vart det kunngjort at opninga er utsett med minst to månader.[2] Grunnen var at brannvernsteknikken ikkje kunne fungera tilfredsstillande innan den planlagde opningsdatoen. Lufthamna skal erstatta Schönefeld lufthamn saman med Berlins øvrige lufthamner Tegel lufthamn og Tempelhof lufthamn (stengt i oktober 2008).

Den 17. mai 2012 erklærde Berlins regjeringssjef Klaus Wowereit at lufthamna skal verta teke i bruk 17. mars 2013.[3] Seinare vart opningsdatoen sett til 27. oktober 2013.[4] Den 6. januar 2013 vart det offentleggjort at lufthamna ikkje kan verta til opna planlagt tidspunkt, på grunn av graverande, «nesten grufulle» problem.[5][6] Det er anteke at lufthamna kan verta i bruk teke i 2020.[7][8]

FramkomeEndra

Flughafen Berlin Brandenburg stasjon er ein underjordisk jernbanestasjon innanfor flyplassområdet. Den vil betena internasjonal fjerntrafikk, regiontrafikk og S-Bahntrafikk. Regiontrafikken vert supplert med busslinjer.

Lufthamna er knytte til vegnettet via eit eige kryss på motorvegen A 113. Gods- og persontrafikk skilst i eit trafikknutepunkt eit stykke austom terminalen. Det har vorte innretta 10 000 parkeringsplassar for kundar og 5 000 for tilsette.

KjelderEndra

ReferansarEndra