Bernardino Luini
Bernardino Luini (kring 1480–1532) var ein italiensk kunstmålar under høgrenessansen. Han var knytt til sirkelen kring Leonardo da Vinci
Bernardino Luini | |
Statsborgarskap | Italia |
Fødd | 1480-åra Dumenza |
Død | |
Yrke | kunstmålar |
Bernardino Luini på Commons |
Luini var fødd i landsbyen Runo ved austbreidda av Lago Maggiore i Lombardia. Omkring 1500 flytta han til Milano saman med far sin. Hans tidlegaste kjende verk er Madonna med barn og to helgenar frå 1507, ei rettnok omstridd påvising.
Stilen hans var i første omgang påverka av Bramantino sin, seinare tok han etter Rafael, Melozzo da Forli og Leonardo da Vinci. Han vert rekna som ein av dei fremste etterfylgjarane av Leonardo. Mange av bileta hans er forenkla framstillingar basert på Leonardo sine motiv. Desse bileta var svært populære i samtida, mange måleri finst framleis i Milano.
Luini var i seinare år i hovudsak oppteken med måling av freskar. Hans framstillingar av kjærlege madonnaer har eit ry for å vere overflatiske.
Kjelder
endre- Aschehougs kunsthistorie. Bind 4 Kunstleksikon, 1996
- Denne artikkelen bygger på «Bernardino Luini» frå Wikipedia på tysk, den 23. mars 2012.