Raffaello Santi, betre kjend som Rafael (6. april 14836. april 1520), var ein målar og arkitekt under den italienske renessansen. Han blei òg kalla Raffaello Sanzio, Raffaello de Urbino og Rafael Sanzio de Urbino.

Rafael

Statsborgarskap Det tysk-romerske riket
Fødd 6. april 1483, 28. mars 1483
Urbino
Død

6. april 1520, 7. april 1520 (37 år)
Roma

Yrke kunstmålar, bilethoggar, arkitekt, teiknar, bygningstegner, designar, fresco painter, hoffmaler, biletkunstnar
Sjanger historiemåleri, portrettmåleri, portrett, allegori, religiøs kunst, mytologisk maleri
Religion Den romersk-katolske kyrkja
Far Giovanni Santi
Signatur
Rafael på Commons

Liv og verk

endre

Livet hans blir omtalt i Giorgio Vasari si Vite. Han blei fødd i Urbino og studerte under Perugino i Perugia. Etter å ha flytta til Firenze tok han snart i bruk same stilar som Leonardo da Vinci og Michelangelo.

Rafael er mest kjend for sine Madonna-måleri, heilage familiar og sine store freskoar i Vatikanet. Han blei i 1509 kalla til Roma for å måle pave Julius II sitt rom i Vatikanet. Truleg dei mest kjende verka hans, «Den atenske skulen» («La scuola di Atene») og «La Disputa del Sacramento», to store bogeforma freskar; den første av filosofane i antikken rundt Platon og Aristoteles, og den andre av kristne teologar flokka rundt Jesus.

Under pave Leo X blei han hovudarkitekt for Peterskyrkja, og i 1514 blei han ein slags sjef for den romerske arkeologien.

Han døydde på sin 37. bursdag i Roma (det blir sagt at dette berre var veker før Leo hadde tenkt å gjere han til kardinal). Kroppen hans låg ei stund i eitt av romma der han hadde demonstrert sin genialitet, og han blei æra med ei offentleg gravferd. Det siste verket hans, «Forklåringa», blei bore føre han under seremonien.

Han blei gravlagt i Pantheon, den mest prestisjefylte gravstaden i landet.

Måleri

endre

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Rafael