Bernhard Folkestad
Bernhard Dorotheus Folkestad (13. juni 1879–9. mars 1933) var ein norsk kunstmålar og forfattar.
Bernhard Dorotheus Folkestad | |
Bernhard Folkestad i 1920. Foto: Anders Beer Wilse
| |
Nasjonalitet | Norsk |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 13. juni 1879 London |
Død | |
Yrke | Målar og forfattar |
Far | Abraham Folkestad |
Ektefelle | Ingeborg Gude |
Born | Mildred Mehle |
Bernhard Folkestad på Commons |
Liv og gjerning
endreFolkestad var son til emissæren Abraham Folkestad, fødd i London men voks opp på Folkestad i Fjaler. Han vart utdanna i Noreg, med korte opphald hos Laurits Tuxen og Kristian Zahrtmann i København i 1902 og 1903. Seinare var han på studieturar til Amsterdam i 1907, og Paris i 1909. Siste staden var han elev av Christian Krohg. Til å begynne med måla han store stillebensbilete av grønsaker eller levande fjørfe, og enkelte interiør. Hans mest kjente måleri frå yngre år er Mørkeloftet frå 1905.
Folkestad slo gjennom i 1914 med ein festleg frise i ein av paviljongane under jubileumsutstillinga 1914. Dei neste åra laga han mange dekorative arbeid med fargerike motiv i rikfolk sine hus. Han måla altartavla i Rjukan kyrkje i 1917 og «Drammenskomposisjonen» i Drammens handelsforening. Folkestad laga også ein del tresnitt. Arne Durban seier i Norsk Allkunnebok at Folkestad «førde ein brei og frodig pensel og var ein glad og saftig kolorist».
Folkestad skreiv ei mengd avisartiklar. Desse artiklane vart samla og trykt i bøkene Blå hjul (1923), Svingdøren (1926), Sol og morild (1929) og Gullfisken (1933).
Verk
endreMåleri
endre- Paa Mørkeloftet, 1905
- Grønsager, 1906
- Høns i høstsol, 1906
- Sommernat, 1908
- Pariserfrokost, 1909
Bøker
endre- 1923 – Blaa hjul og andre ting (Kristiania: Gyldendal) I fulltekst ved nb.no
- 1926 – Svingdøren (Oslo: Gyldendal) I fulltekst ved nb.no
- 1929 – Sol og morild (Oslo: Gyldendal) I fulltekst ved nb.no
- 1933 – Gullfisken (Oslo: Gyldendal) I fulltekst ved nb.no
Kjelder
endre- Norsk Allkunnebok IV. bandet, 1953
- Denne artikkelen bygger på «Bernhard Folkestad» frå Wikipedia på bokmål, den 1. april 2012.