Arne Durban
Arne Durban (16. juni 1912–18. mars 1993) var ein norsk bilethoggar frå Kragerø som forma i ein naturalistisk stil. Han er særleg kjend for sine mjuke skulpturar av kvinner, barn og dyr og ei lang rekke portrettbyster.
Arne Durban | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 16. juni 1912 Kragerø |
Død |
18. mars 1993 (80 år) |
Yrke | bilethoggar, biograf |
Arne Durban på Commons |
Durban studerte møbeldesign ved Statens håndverks- og kunstindustriskole i Oslo og åra 1933-36 skulptur på Kunstakademiet under Wilhelm Rasmussen. Han debuterte på Høstutstillinga i 1933.
Durban, som var busett i Oslo, utførte ei rekke offentlege arbeid. Han er representert med verk i 30 norske byar, først og fremst bronseskulpturar, men også utsmykkingar hogd i granitt, til dømes ved Oslo Rådhus. I mange år var han kunstkritikar i Morgenbladet. Han skreiv fleire bøker om biletkunst og kunstnarar, mellom andre om ei om Kaare Espolin Johnson som kom ut i 1979.
Arne Durban og kona hans oppretta Nini og Arne Durbans astmafond. Fondet er delvis knytt til Norges Astma- og Allergiforbund (NAAF) og har ein grunnkapital på over tretti millionar kroner.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Arne Durban» frå Wikipedia på bokmål, den 22. juni 2014.