Bernard John «Bernie» Taupin (fødd 22. mai 1950) er ein engelsk tekstforfattar, diktar og songar, mest kjend for det langvarige samarbeidet med Elton John. Han skreiv tekstane til dei fleste store hittane til John og har skrive fleire av dei mest kjende tekstane i poprock-historia.

Bernie Taupin

Taupin på premieren til The Union i 2011 Tribeca Film Festival
Fødd22. mai 1950 (74 år)
Sleaford i Lincolnshire i England
FødestadRuskington
FødenamnBernard John Taupin
AliasCarte Blanche
OpphavLondon i England[1]
Aktiv1967–i dag
SjangerPop, rock
InstrumentVokal
Tilknytte artistarElton John, Alice Cooper, Long John Baldry
PlateselskapThe Rocket Record Company
Verka somTekstforfattar, låtskrivar, diktar
Gift medMaxine Feibelman
PrisarJohnny Mercer Award, Rock and Roll Hall of Fame

I 1967 svarte Taupin på ei annonse i den engelske musikkavisa New Musical Express som søkte nye låtskrivarar. Om lag samstundes sende Elton John inn musikk han hadde laga til avisa, og paret vart ført saman, og har samarbeidd på mange prosjekt sidan.[2]

Etter å ha laga meir enn 100 låtar saman vert dei rekna for eit av dei største låtskrivarpara nokon sinne, i lag med Lennon/McCartney, Burt Bacharach/Hal David og Mick Jagger/Keith Richards.

Nokre av dei mest kjende tekstane til Taupin er «Daniel» (1973), «Your Song» (1970), «Sacrifice» (1989), «Candle in the Wind» (1973 & 1997), «Sorry Seems to Be the Hardest Word» (1976), «Rocket Man» (1972) og «Goodbye Yellow Brick Road» (1973).

Utgjevingar som soloartist

endre

Soloalbum

endre

Med Farm Dogs

endre

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre