Sacrifice av Elton John

Sacrifice
Singel av Elton John
frå albumet Sleeping with the Past
B-side «Love Is a Cannibal»
(første utgåve)
«Healing Hands»
(andre utgåve)
Utgjeve Oktober 1989
Sjanger Pop
Lengd 5:07
Selskap Rocket Records, MCA Records (US/Canada)
Låtskrivar(ar) Elton John, Bernie Taupin
Produsent Chris Thomas
Elton John-kronologi
«Healing Hands»
(1989)
Sacrifice «Club at the End of the Street»
(1990)


«Sacrifice» er ein ballade av songaren Elton John med tekst av Bernie Taupin. Songen vart gjeven ut på albumet Sleeping with the Past i 1989 og vart gjeven ut på singel i oktober 1989, og på ny i 1990. Singelen vart populær, særleg i Frankrike og Storbritannia der han gjekk heilt til topps på salslistene.

«Sacrifice» er inspirert av både Aretha Franklin-songen «Do Right Woman, Do Right Man» og skildra som ein Percy Sledge-song av Elton John. Bernie Taupin hevda det er ein av dei beste songane han skreiv.

I musikkvideoen, som følgjer teksten, ser ein ei mann og ei kvinne som har problem i forholdet sitt etter å ha gifta seg og fått ei dotter. Etter at dei går kvar sin veg, fostrar mannen dottera aleine.

«Sacrifice» har vorte spelt av andre artistar som Sinéad O'Connor, Gregorian, Rob De Nijs og Karmina.

MedverkandeEndra

Salslister og salstalEndra

VekeslisterEndra

Liste (1989) Plassering
UK Singles Chart[1] 55
US Billboard Hot Adult Contemporary Tracks[2] 3
Liste (1990) Plassering
Australske ARIA Singles Chart[3] 7
Nederlandsk Mega Top 100[4] 3
Eurochart Hot 100 1
Franske SNEP-lista[5] 1
Den tyske singellista[6] 36
Irish Singles Chart[7] 2
New Zealand RIANZ Singles Chart[8] 7
Norske VG-lista[9] 2
Den sveitsiske singellista[10] 23
UK Singles Chart[1] 1
US Billboard Hot 100[2] 18
Zimbabwe - singelliste[11] 6

ÅrslisterEndra

Liste (1990) Passering
Den australske singellista[12] 47
Nederlandsk Topp 40[13] 11
UK Singles Chart[14] 3

SalstroféEndra

Land Salstrofé Dato Salsgrense Fysisk sal
Frankrike[15] Sølv 1990 200 000 380 000
Storbritannia[16] Platina 1. september 1990 600 000

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 «Elton John - Full Official Chart History». Official Charts Company. Official Charts Company. Henta 16. mai 2018. 
  2. 2,0 2,1 «Elton John singles, Billboard charts». allmusic. Henta 16. mai 2018. 
  3. ««Sacrifice», Australian Singles Chart». australian-charts. Henta 16. mai 2018. 
  4. ««Sacrifice», Dutch Mega Top 100» (på nederlandsk). dutchcharts. Henta 16. mai 2018. 
  5. ««Sacrifice», Den franske singellista» (på fransk). lescharts. Henta 16. mai 2018. 
  6. Den tyske singellista Charts-surfer.de Arkivert 8. januar 2009 ved Wayback Machine. (Henta 16. mai 2018)
  7. «Irish Single Chart, database». irishcharts. Henta 16. mai 2018. 
  8. ««Sacrifice» New Zealand Singles Chart». charts.org.nz. Henta 16. mai 2018. 
  9. ««Sacrifice», Norwegian Singles Chart» (på Norwegian). norwegiancharts. Henta 16. mai 2018. 
  10. ««Sacrifice», Den sveitsiske singellista» (på tysk). hitparade. Henta 16. mai 2018. 
  11. * Zimbabwe. Kimberley, C. Zimbabwe: singles chart book. Harare: C. Kimberley, 2000
  12. «1990 Australian Singles Chart». ARIA. Henta 3. september 2008. 
  13. «Single top 100 over 1990» (pdf) (på nederlandsk). Top40. Henta 12. april 2010. 
  14. Music Week Year-end Charts, pub. January 1991
  15. «French certifications, database» (på fransk). infodisc. Arkivert frå originalen 30. november 2007. Henta 16. mai 2018. 
  16. «UK certifications, database». BPI. Henta 16. mai 2018.