Lincolnshire (forkorta Lincs) er eit grevskap aust i England. Det grensar til Norfolk, Cambridgeshire, Rutland, Leicestershire, Nottinghamshire, South Yorkshire og East Riding of Yorkshire. Det har òg ei 19 meter lang grense mot Northamptonshire, den kortaste grevskapsgrensa i England. Administrasjonsbyen er Lincoln, der grevskapsrådet har hovudsetet sitt.

Lincolnshire
grevskap
Land  England
Region Aust-Midlands
(North Lincolnshire og
North East Lincolnshire ligg i
Yorkshire and the Humber)
Del av Aust-Midlands
Areal 6 959 km²
Folketal 1 016 600  (2008)
Grunnlagd Historisk
Status Seremonielt og ikkje-metropolitansk grevskap
Kart
Lincolnshire
53°06′N 0°12′W / 53.1°N 0.2°W / 53.1; -0.2
Wikimedia Commons: Lincolnshire

Det seremonielle grevskapet Lincolnshire består av det ikkje-metropolitanske Lincolnshire og område dekte av dei sameinte styresmaktene North Lincolnshire og North-East Lincolnshire. Grevskapet er det nest største i England ut frå areal og er dominert av jordbruksområde.

Grevskapet er vidare delt inn i fleire geografiske område, som Lincolnshire Fens (Sør-Lincolnshire), the Carrs (liknande the Fens, men nord i Lincolnshire), Lincolnshire Wolds og det industrielle Humber-estuaret og kysten av Nordsjøen rundt Grimsby og Scunthorpe.

Historie

endre

Lincolnshire oppstod då kongedømet Lindsey vart slått saman med Stamford, som var under Danelagen. Heile grevskapet heitte ei tid Lindsey og står oppført med dette namnet i Domesday Book (1086). Seinare vart Lindsey berre brukt som namn på den nordlege kjernedelen, rundt Lincoln. Grevskapet vart delt i tre distrikt, Lindsey, Holland og Kesteven.

I 1888 vart grevskapsråd innført og dei tre distrikta fekk kvart sitt. Denne ordninga held fram til 1974, då Holland, Kesteven og det meste av Lindsey vart samla som Lincolnshire. Den nordlegaste delen, med byane Scunthorpe og Grimsby vart innlemma i Humberside.

Bakgrunnsstoff

endre

Kjelder

endre