Opna hovudmenyen

Bernt Holtsmark

norsk politikar og landbruksminister

Bernt Holtsmark (27. desember 185920. april 1941) var ein norsk gardbrukar, skulemann, forfattar og stortingsrepresentant frå Asker. Faren var gardbrukar på storgarden Tveter.

Bernt Holtsmark
Bernt Holtsmark.jpg
Bernt Holtsmark
Foto: Hulda Szacinski/Stortingsarkivet
Fødd27. desember 1859
Asker
Død20. april 1941
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre, Frisindede Venstre, Centrum
Yrkepolitikar, bonde
Utdanna vedNoregs miljø- og biovitskaplege universitet
FarBent Holtsmark

Holtsmark gjekk 1876-78 på ein privatdriven landbruksskule i Østre Aker som var styrt av Haakon Tveter. Frå 1879 til 1882 var han forpaktar av ein gard i Asker og assistent på kontoret til Norges Vel. 1883-84 gjekk han den høgare avdeling på Ås høgare landbruksskule, dei tre neste åra var han knytt til Tveter sin gard Østensjø. Året 1885-86 gjekk han på Landwirtschaftliche Hochschule i Berlin. I 1887 oppretta han Sem landbruksskulestorgarden Sem i Asker, saman med broren Wilhelm. Holtsmark var styrar av skulen fram til 1914. Han eigde og dreiv farsgarden Tveter i Asker til 1893.

Holtsmark var aktiv som forfattar av landbruksstoff. Mellom anna redigerte han landbrukstidendene i Budstikka 1884-86, Dagbladet 1888-90, seinare i Verdens Gang og frå 1898 i Allers Familiejournal. Boka Husdyrlære for landbruksskolerne kom i 1897, og var lenge i bruk mellom gardbrukarar.

Holtsmark var stortingsrepresentant frå Akershus amt 1903-06 og frå Bærum og Follo krins 1906-09, vald på Samlingspartiet sitt program. Han sat i landbrukskomiteen: som sekretær 1903-07 og som nestformann 1908-09. Frå 1910 til -12 var han landbruksminister i Konow-regjeringa. 1916-21 var han atter på Stortinget, då for Frisinna Venstre og valkrinsen Mellom-Romerike i Akershus amt.

Holtsmark vart i 1930 tildelt St. Olavs Orden og fekk også tildelt 7. juni-medaljen.

KjelderEndra

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

BakgrunnsstoffEndra